Skriftlig innspill fra Maritime CleanTech

Høring: Fremtidens havbruk. Bærekraftig vekst og mat til verden
Innspillsdato: 13.05.2025

Innspel til Stortinget si behandling av havbruksmeldinga

Maritime CleanTech etterlyser at dei lenge varsla låg- og nullutsleppskrava for havbruksflåten no blir lagt fram.

For å skapa ei berekraftig havbruksnæring for framtida er det naudsynt å redusera og etter kvart fjerna klimagassutsleppa frå fartøya som blir brukt i næringa. Me vil oppfordra Stortinget og regjeringa om å setja fart på arbeidet med nullutsleppskrav for havbruksflåten.

Dette vil bidra til å redusera utsleppa i tråd med norske klimamål, og samtidig stimulera til teknologiutvikling i norsk maritim næring med stort eksportpotensial.

Utsetjing har skapt usikkerheit

Klimakrav til havbruksflåten har vore varsla lenge. I Klimameldinga frå 2021 sa Solberg-regjeringa at låg- eller nullutslepp for servicefartøy i havbruksnæringa skulle innførast trinnvis frå 2024. Dette vart blant anna gjenteke i Støre-regjeringas klimastatus og plan for 2024. No seier regjeringa i havbruksmeldinga at ho planlegg å fastsetja strengare klimakrav til servicefartøy i akvakulturnæringa i løpet av 2025, men utan å gi nokon fleire detaljar.

Det har skapt usikkerheit i næringa at krava har blitt utsett og utsett. Samtidig har det forseinka klimaomstillinga. No er det viktig at krava blir utforma og fastsett for å skapa føreseielege vilkår for den omstillinga næringa skal gjennom.

Positive ringverknader for maritim næring

Den norske maritime klynga er heilt i verdstoppen når det gjeld maritim klimateknologi, både innan elektrifisering, energieffektivisering og nye drivstoff som hydrogen og ammoniakk. Løysingar som blir utvikla her, har stort eksportpotensial når skipsfarten internasjonalt skal omstillast i tråd med klimamåla til EU og IMO.

For å ta vare på leiarposisjonen innan maritim klimateknologi er det nødvendig med ein aktiv politikk som dyttar fram teknologi og marknadsutvikling. Tilpassa klimakrav til havbruksfartøy, saman med krav til andre segment som offshorefartøy, ferjer og hurtigbåtar, kan skapa ein solid heimemarknad som posisjonerer den norske maritime industrien for å ta ein stor del av den globale marknaden framover.

Kombinert med andre verkemiddel som differansekontraktar eller ei negativ CO2-avgift for bruk av utsleppsfrie drivstoff vil dette bidra til å skapa føreseielege vilkår for ei nødvendig klimaomstilling i norsk industri og maritim næring.

Utslepp og fartøytypar

Meldinga viser til at samla klimagassutslepp frå fartøy i akvakulturnæringa truleg er på rundt 450 000 tonn CO2-ekvivalentar. Rundt 200 000 tonn fordeler seg på utslepp frå arbeidsfartøy og mindre båtar. Resterande 250 000 tonn kan knytast til større skip som brønnbåtar og slakteskip/bløggebåtar.

Sjøfartsdirektoratet ventar at klimagassutsleppa vil auka, og at utsleppa kan bli nesten dobbelt så høge i 2050 i fråvær av reguleringar. Dette understrekar behovet for tøffe utsleppskrav for havbruksflåten i åra framover.

Aktuelle teknologiar

For arbeidsfartøy og andre mindre båtar vil batterielektriske løysingar i mange tilfelle vera aktuelle. Slike løysingar er i stor grad marknadsklare. Batteribyte-teknologi er på veg til marknaden og kan avlasta behovet for stor ladekapasitet i straumnettet.

For større fartøy, eller i område der situasjonen i straumnettet ikkje gir rom for lading, kan nye drivstoff som hydrogen eller ammoniakk vera aktuelle. Hydrogen-elektriske løysingar er i dag demonstrerte blant anna for ferjer og elvefrakt. Ammoniakkløysingar er under utvikling både for offshorefartøy, brønnbåtar og lastefartøy.

Fleire anlegg for produksjon av grønt hydrogen og ammoniakk langs kysten er allereie i gang eller har kome langt i planlegginga. For desse vil nullutsleppskrav til havbruksflåten skapa eit større marknadsgrunnlag og eventuelt utløysa investeringar i nye eller utvida anlegg.

Teknologi- og verdikjedeutviklinga tilseier dermed at det realistisk å fasa inn låg- og nullutsleppskrav for alle fartøytypar fram mot 2030–2035, først for dei mindre fartøya og etter kvart for større fartøy. For å stimulera til vidare teknologiutvikling bør regelverket vera langsiktig, ambisiøst, og gi fleksibilitet i val av teknologiske løysingar.

Utsleppskrav gir mindre støy

I tillegg til å redusera klimagassutsleppa vil innfasing av låg- og nullutsleppsteknologi også kunna bidra til å redusera støyforureininga frå konvensjonelle fartøy. Ny forsking peikar på slik støy som ein mogleg stressfaktor og velferdsutfordring i oppdrettsnæringa. Utsleppsfrie framdriftsløysingar med batteri og/eller brenselceller er tilnærma støyfrie og vil dermed bidra til betre dyrevelferd i havbruket og i tilgrensande marine økosystem.

Industrien arbeider også med løysingar for å minka støyen frå forbrenningsmotorar, og ved bruk av slike motorar bør det vurderast å stilla krav om slike løysingar.

Bruk industrinære samarbeidsarenaer i omstillinga

For å lukkast med grøn omstilling i havnæringane må ein utnytta krafta frå dei nasjonale og industridrivne innovasjonsmiljøa som allereie gir resultat. Etablerte offentleg-private verktøy, som Maritime CleanTech, bør nyttast aktivt for å realisera nasjonale mål innan utsleppskutt, eksport og industriutvikling.

Maritime CleanTech er eit nasjonalt innovasjonssenter som samlar rundt 150 partnarar i den maritime verdikjeda for å utvikla grøn skipsfart. Me legg vekt på kvalifisering og demonstrasjon av teknologiar, oppbygging av nye verdikjeder, samt kommersialisering og eksport av grøne løysingar. I desse fasane koplar me små og store aktørar på tvers av maritim sektor, for eksempel i grøne utviklingsprosjekt eller skaleringsprogram.

Saman med partnarane våre bidrar me gjerne til vidare dialog om utforming og innføring av nullutsleppskrav for havbruksnæringa.