Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Skal besøkje Siem Pilot og flyktningmottak

Delegasjonen til Europarådets parlamentarikarforsamling møter mannskapet på Siem Pilot og det italienske apparatet for mottak og registrering av flyktningar i Roma og Sicilia 20.–23. september. 

Delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H). Foto: Stortinget/Terje Heiestad.

Målsetjinga er å få eit betre innblikk i dei utfordringane italienske styresmakter må handtere – både når det gjeld redningsarbeidet, mottak og registrering av flyktningar, og behandling av asylsøknader.

På sesjonen i juni sa presidenten i parlamentarikarforsamlinga Anne Brasseur at «Migration is not a challenge, but a phenomenon – it will not go away» – migrasjon er ikkje ei enketståande utfordring, men eit vedvarande fenomen som ikkje vil gå over.

Dei utfordringane og humanitære lidingane ein ser i samband med dei mange migrantane og flyktningane som forsøkjer å ta seg til Europa over Middelhavet, har stått sentralt på agendaen til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) lenge. PACE har fleire gonger understreka behovet for meir solidarisk byrdefordeling mellom landa i Europa og særleg innan EU. Ikkje minst etter forliset utanfor Lampedusa hausten 2013, der 366 båtflyktningar omkom.

– Ei plikt å setje seg inn i spørsmålet

– PACE-president Anne Brasseur sa det veldig klart under sesjonen til parlamentarikarforsamlinga i juni: Dette er ikkje ei utfordring som enkelt kan handterast, men eit fenomen som ikkje forsvinn. Det vil vera med oss i lang tid og vedgår i aller høgste grad også Noreg. Som demokratisk valde politikarar har vi både plikt og behov for å setje oss godt inn i dette spørsmålet – også sett frå eit anna perspektiv enn det norske, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

Medlemmene i Stortingets delegasjon til PACE har alle engasjert seg i denne debatten både i PACE i Strasbourg og her heime. Delegasjonen består av 10 representantar frå Høgre, Arbeidarpartiet, FrP, KrF og SV: delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H), nestleiar Lise Christoffersen (A), Frank J. Jenssen (H), Morten Wold (FrP), Hans Fredrik Grøvan (KrF), Tore Hagebakken (A), Kristin Ørmen Johnsen (H), Ingebjørg A. Godskesen (FrP), Kåre Simensen (A) og Snorre Serigstad Valen (SV). Med unnatak av Valen er alle med på reisa til Roma og Sicilia.

Les meir om delegasjonen

Møte med flyktningar, redningsapparat og mottaksapparat

Delegasjonen ser fram til møtet med mannskapet på det norske skipet Siem Pilot som deltek i EU-operasjonen Triton. I løpet av reisa skal delegasjonen også besøkja flyktningmottak og EUs innsatskontor for bistand til italienske styresmakter med registrering av flyktningar, og mottak og behandling av asylsøknader.

I tillegg står òg møte med lokale styresmakter på Sicilia, UNHCR Italia, Italias parlamentarikardelegasjon til PACE og Noregs ambassadør til Italia, Bjørn Grydeland på det tettpakka programmet.

– Det er på det reine at alle landa i Europa må ta eit større og meir aktivt ansvar for at Europa skal kunne handtere denne straumen av flyktningar på ein god måte og i tråd med grunnleggjande menneskerettar. Det vanskelege spørsmålet er korleis gjere dette på best mogleg måte. Vi håpar at besøket til Roma og Sicilia der vi møter flyktningane, mottaksapparat og redningsapparat, skal kunne gi oss nokre perspektiv i så måte, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

Europarådet og parlamentarikerforsamlinga

Europarådet vart oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har til hovudføremål å arbeide for å styrkje menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for nasjonalforsamlingane i medlemslanda, totalt 318 medlemmer (og 318 varamedlem). Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei viktig rolle i Europarådet. Ho vedtek resolusjonar og tilrådingar til parlamenta og regjeringane i medlemslanda på ei rekkje område og overvaker at dei nye medlemslanda oppfyller og respekterer forpliktingane sine som medlemmer.

Les meir om Europarådets parlamentarikarforsamling og arbeidet med flyktningar og migrasjon

Sist oppdatert: 28.01.2021 14:59
: