Frå Stortinget deltok Sylvi Graham (H) og Svein Roald Hansen (A) frå utanriks- og forsvarskomiteen. Foto: Stortinget.

Frå Stortinget deltok Sylvi Graham (H) og Svein Roald Hansen (A) frå utanriks- og forsvarskomiteen. Foto: Stortinget.

Behov for europeiske løysingar på migrasjonskrisa

Det var relativt brei semje om behovet for felles europeiske løysingar da migrasjonskrisa var drøfta av representantar frå europautval i nasjonale parlament møttes på det såkalla COSAC-møtet i Luxembourg denne veka. 

Asylpolitikk, lovleg migrasjon, tiltak mot ulovleg migrasjon og kontroll med felles yttergrenser var hovudtema for møtet der også digitale handlingsplan og status for utviding av EU sto på dagsorden. Frå Stortinget deltok Svein Roald Hansen (A) og Sylvi Graham (H) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

På møtet fekk parlamentarikarane mellom anna ei orientering om status i talet på migrantar og asylsøkarar frå det europeiske støttekontoret på asylfeltet (EASO) og status for EUs militære operasjon i Middelhavet. Meir enn 50 parlamentarikarar tok ordet i debatten etterpå. Debatten viste at det er relativt breie støtte frå de nasjonale parlamentarikarane til den politikken Europaparlamentet og Rådet har trekt opp for å handtere flyktningsituasjonen. Det inkluderer behovet for sterkare støtte til dei landa som har de største utfordringane: Hellas, Italia, Tyskland og Sverige.

Etter framlegg frå Romania vart det i resolusjonen frå møtet, tatt i ein endring som viser til at byrdefordelinga også bør omfatte EFTA-landa Island og Liechtenstein, Noreg og Sveits.

– De fleste landa støttar framlegget om ein fordelingsmekanisme for flyktningar mellom landa i Europa.  Det var berre representantar frå Austerrike, Slovakia, Tsjekkia og Ungarn som motsett seg dette, seier Svein Roald Hansen.

Sylvi Graham minna i sitt innlegg om at dette er ein diskusjon som også er relevant for Noreg gjennom Schengen- og Dublin-samarbeidet. Ho orienterte om at Noreg vil delta frivillig i EUs relokaliseringsmekanisme for flyktningar, men sa dette er avhengig av at EU faktisk klarer å handtere krisa.

– Krisa vi opplever nå kan ikkje løysast nasjonalt. Det er behov for samarbeid og felles europeiske løysingar. Alternativet blir at landa prøver å skyve problema over til andre land. Det er ingen tent med, seier Sylvi Graham.

COSAC er eit forum der parlamentarikarar frå Europaparlamentet og europauvala i nasjonale parlament i EU møtes for å drøfte aktuelle saker. Noreg var observatørar på møtet saman med land som er søkt om medlemskap i EU i tillegg til Island, Georgia og Ukraina. Neste COSAC-møtet er i februar 2016 i Nederland som overtek EU-formannskapet 1. januar.


Sist oppdatert: 30.11.2015 13:49