Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Menneskerettsforkjemparar og NGOar

Europarådets parlamentarikerforsamling understreka medlemslandas ansvar for å legge til rette for det viktige arbeidet menneskerettsforsvarar og frivillige organisasjonar bidrar med i samfunnet.

Deltakarane i debatten torsdag 28. januar uttrykte stor uro for den auken ein har sett i overgrep mot menneskerettsforsvararar og einskilde medlemslands aktive innskrenking av desse og frivillige organisasjonars handlingsrom og arbeid.

Lise Christoffersen (A) deltok i debatten, og trakk fram den negative utviklinga der medlemsland utfordrar posisjonen til den Europeiske Menneskerettskonvensjonen (EMK) ved å sette nasjonale omsyn over konvensjonen. Dette er i strid med landets tilslutning til EMK.

Christoffersen understreka også problemet med at medlemsland ikkje implementerer dommar vedtatt av den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD).

– Dette er ei farleg utvikling. Den undergraver dei fundamentale menneskeretts-og demokratiske prinsipp som har vært jobba fram og etablert i Europa gjennom generasjonar, seier Christoffersen.

Barns rett til skule og utdanning

Tore Hagebakken. Foto: Stortinget.

Stortinget PACE-delegasjon deltok også aktivt i debatten om barns tilgang til skule og utdanning. Både Christoffersen, Frank Jenssen (H), og Tore Hagebakken (A) la vekt kor viktig det er å sørgje for at flyktningbarn får tilgang til utdanning. Mange av desse barna vil bli ein del av våre samfunn, og utdanning er ein grunnleggande føresetnad for at dei kan delta i arbeidslivet, og såleis også bli fullverdige medlemmer av vår kultur og samfunn.

Hagebakken la i tillegg vekt på at stadig teoretisering av skulesystemet ikkje må ekskludere svakare grupper og elever med utviklingshemming.

«Demografisk vinter»

Kristin Ørmen Johnsen (H) er PACE-rapportør på ein rapport om korleis demografiske utviklinga og migrasjon påverkar utviklinga i Europarådets medlemsland. Ho la torsdag fram for komiteen for «Migration, Refugees and Statsless persons» sin plan for arbeidet.

Johnsen vil sjå nærare på korleis det ein i Frankrike omtaler som «demografisk vinter», aldrande befolkning, lave fødselstal, kombinert med migrasjon (både til og frå eit land) påverkar den demografiske samansetninga, også med tanke på kjønnsbalansen.

Lise Christoffersen (A) er PACE-rapportør på Makedonias etterleving av medlemsskapsforpliktingane, og deltok i drøfting i PACEs «Monitoring Committee» om den politiske krisa i landet.

– Stortingets delegasjon til PACE er ein aktiv delegasjon som deltar på alle nivå i organisasjonen. Dette er viktig med tanke den utviklinga vi ser i Europa der grunnleggande menneskerettar, demokratiske verdiar og rettsstatsprinsipp, blant anna som følgje av konflikt og migrasjonskrise, blir meir og meir utfordra. Vi ser også at stadig fleire problemstillingar i PACE går rett inn i den politiske debatten heime, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

Sjå òg:

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling
PACE debatterte migrasjon
Årets første sesjon for PACE

Sist oppdatert: 01.02.2016 12:49
: