Frå venstre: Silje Hjemdal, Petter Eide, Ingjerd Schou, Jette Christensen,  Vetle Wang Soleim og Morten Wold. Lise Christoffersen var ikkje til stades da bildet blei tatt. Foto: Stortinget.

Frå venstre: Silje Hjemdal (FrP), Petter Eide (SV), Ingjerd Schou (H), Jette Christensen (A), Vetle Wang Soleim (H) og Morten Wold (FrP). Lise Christoffersen (A) var ikkje til stades da bildet blei tatt. Foto: Stortinget.

PACE ønskjer tettare samarbeid

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) ønskjer eit meir samla og heilskapleg Europaråd.

I resolusjonen vedtatt 10. april foreslår PACE å styrke det interne samarbeidet mellom dei folkevalde (PACE) og regjeringane (Ministerkomiteen) i Europarådet.

PACE ønskjer å styrke samarbeidet med Ministerkomiteen for bidra til eit meir effektivt og heilskapleg Europaråd – særleg i vanskelege saker der medlemsland ikkje opprettheld sine medlemsskapsforpliktingar eller krenker Europarådets grunnleggande prinsipp.

– Denne resolusjonen er ein historisk start på eit vegkart som sikter mot etablering av prosedyrar for tettare samarbeid mellom regjeringane og dei folkevalde i Europarådet. Bare på den måten kan vi oppretthalde tilliten til, og krafta i det omfattande systemet for vern av menneskerettar, demokrati og rettsstat vi har utvikla i Europa sidan andre verdskrig, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou.

– Europarådet står i si vanskelegaste krise sidan det blei oppretta i mai 1949. Gjennom 70 år har organisasjonen vært ein viktig arena for paneuropeisk dialog mellom 47 medlemsland. Dette er i ferd med å slå sprekkar, og det er derfor ekstra viktig at vi gjer det vi kan for å ha eit Europaråd som evner å opptre samla og heilskapleg – også i vanskelege sakar, seier ho.

Russland

Vanskeleg samarbeid mellom dei folkevalde (PACE) og regjeringane (Ministerkomiteen) i Europarådet har også vært ei utfordring når det gjeld å finne ei løysing på den krevjande situasjonen med Russland. Russland har ikkje deltatt i arbeidet i parlamentarikarforsamlinga etter at dei mista stemmeretten i 2014 som følgje av anneksjonen av Krim. Dei har heller ikkje betalt sin medlemskontingent sidan 2017.

Som følgje av manglande betaling er det ei fare for at Russland, dersom dei ikkje betaler i løpet av juni, må tre ut, eller frivillig trer ut av Europarådet. Ein konsekvens av dette er at Russlands meir enn 140 millionar innbyggarar vil miste retten til å fremme saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Resolusjonen vedtatt 10. april blir av mange sett på som eit viktig bidrag til fortsatt dialog mellom Russland og Europarådet om denne vanskelege situasjonen.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) møttes til fem dagars vårsesjon i Strasbourg den 8.–12. april. Stortinget var representert med Ingjerd Schou (H), Lise Christoffersen (A), Morten Wold (FrP), Vetle Wang Soleim (H), Jette Christensen (A), Silje Hjemdal (FrP) og Petter Eide (SV).

Sjå dagsorden for aprilsesjonen

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har som hovudformål å arbeide for styrking av menneskerettighetene, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Til saman representerer dei 800 millionar europearar. Forsamlinga har en rådgivande funksjon og spelar ei viktig rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ei rekke område, og overvakar i kva grad dei nye medlemslanda respekterer sin medlemskapsforpliktingar.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE)


Sist oppdatert: 11.04.2019 15:06