Just Audio (2017) av Ida Ekblad. Foto: Vegard Kleven/KORO.

Just Audio (2017) av Ida Ekblad. Foto: Vegard Kleven/KORO.

Slik blir kunsten i Stortingets nybygg

Ein ny generasjon kunstnarar pregar Stortingets nyrestaurerte lokale i Prinsens gate 26

Verk av Ane Graff, Ann Cathrin November Høibo, Aurora Passero, Ida Ekblad, Goshka Macuga og Outi Pieski er på plass når bygget no blir tatt i bruk. 

Coral Visions av Aurora Passero. Foto: Niklas Hart/KORO
Coral Visions av Aurora Passero. Foto: Niklas Hart/KORO

Kunstnarane representerer ein yngre generasjon fødd på 1970- og 1980-talet, som fram til no ikkje har vore representert i Stortingets kunstsamling. Alle kunstnarane arbeider innan ein internasjonal, samtidig tendens som blir kalla ny-materialitet. Dei er alle sentrale aktørar innan kunstfeltet, både nasjonalt og internasjonalt.

Målet er at kunsten skal bidra til å gje ei god ramme både for dei besøkande og dei som har sitt daglege virke i bygningen.

Utfordrar skiljet mellom måleri og tekstil

Den polske kunstnaren Goshka Macuga står bak eit av dei nyproduserte verka. Dette er ein voven tekstil basert på ein fotokollasj der bildemateriale mellom anna er henta frå Stortinget. Verket tematiserer forholdet mellom utvikling og natur, politikk og berekraft. Dei to andre nyproduksjonane er det Aurora Passero og Ida Ekblad som står bak. Passeros verk er måla på handvoven nylon, er 16 meter høgt og går frå golv til tak i indre gard. Både dette og verket til Ekblad utforskar skiljet mellom måleri og tekstil.

Det er også kjøpt inn tre verk frå Ane Graff og eitt frå Ann Cathrin November Høibo. Verket til Graff er eit tekstilmåleri, der handmåla silke er drapert og sydd på lerretet. Frå Stortingets kunstsamling blir i tillegg eit verk frå Else Marie Jakobsen og fire verk frå den samisk-finske kunstnaren Outi Pieski plasserte i bygget.

Fem millionar kroner

Det blei i 2014 sett av ei ramme på fem millionar kronar til kunstprosjektet, og arbeidet er gjennomført innanfor denne ramma. Stortingets kunstutval, som blir leia av Olemic Thommessen, har vore det bestemmande organet for prosjektet. Seniorkurator Trude Schjelderup Iversen frå KORO har vore kurator og prosjektleiar på oppdrag frå Kunstutvalet.

Her kan du lese meir om kunstsamlinga til Stortinget.


Sist oppdatert: 24.01.2019 09:35