1. Innledning

Representantskapet i Noregs Bank er oppnemnt av Stortinget. Det skal føre tilsyn med drifta i sentralbanken og sjå til at reglane for verksemda blir følgde, inkludert forvaltninga av Statens pensjonsfond utland. Budsjett og årsrekneskap for Noregs Bank blir fastsett av representantskapet.

Noregs Bank har ein veletablert styringsstruktur som er under kontinuerleg utvikling. Stortinget har i 2009 og 2010 vedteke endringar i sentralbanklova når det gjeld oppgåver og ansvarsområde for representantskapet. Endringane medfører at det skal sendast ein rapport direkte til Stortinget om tilsynet med Noregs Bank. Det nye rammeverket klargjer myndigheit og ansvarsområde både for representantskapet og hovudstyret.

Representantskapet har behandla årsmeldinga for Noregs Bank og fastsett årsrekneskapen for 2010. årsrapporten for 2010 om forvaltninga av Statens pensjonsfond utland er òg behandla. Når det gjeld meir utfyllande framstilling om verksemda i og rekneskapen for sentralbanken, blir det vist til desse rapportane.

I sitt møte 17. mars 2011 vedtok representantskapet rapporten om tilsynet med Noregs Bank i 2010. Rapporten blir med dette lagd fram for Stortinget.