3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Høyre:

       I lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) blir denne endringa gjort:

§ 3 skal lyda:

       Kommunestyret kan berre skriva ut eigedomsskatt i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis, eller der slik utbygging er i gang. Vedtaket kan likevel gjelda for verk og bruk som nemnde i § 4 andre leden, andre og tredje punktum, som ligg utanfor område som nemnd i første punktum. Utan omsyn til om det i kommunen er område som nemnd i første punktum eller ikkje, kan kommunestyret skriva ut eigedomsskatt berre på kraftverk og overføringsanlegg. Vedtaket kan gjelda heile kommunen når vilkåra etter første punktum er stetta.