4. Innføring av et særskilt reindriftsfradrag ved inntektslikningen

4.1 Sammendrag

Regjeringa gjer framlegg om at det ved fastsetting av næringsinntekt frå reindriftsverksemd, jf. § 14-82, blir gitt eit inntektsfrådrag etter dei same prinsippa som ein har i jordbruket, slik at det i positiv næringsinntekt frå reindrift blir gitt eit botnfrådrag på 36 000 kroner. Av overskytande inntekt blir det gitt eit frådrag på 19 pst. opp til eit samla frådrag på 61 500 kroner.

Føresegna bør takast inn i skattelova § 8-1, som frå før også har enkelte andre skattereglar for reindrifta. Departementet bør ha høve til å gi forskrift til utfylling og gjennomføring av paragrafen.

I tilfelle der skattytaren driv både reindrift og jordbruk eller skiferdrift, skal det ikkje kunne krevjast meir enn eitt heilt frådrag til saman, sjå forslag til nytt niande ledd.

På same måte som for jordbruksfrådraget må eit særskilt frådrag for reindriftsnæringa innarbeidast i skattelova § 12-12 andre ledd bokstav f.

Regjeringa foreslår at endringane blir sett i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2003.

Forslaget vil truleg ha små administrative konsekvensar. Provenytapet er rekna til om lag 6 mill. kroner både påløpt og bokført i 2003.

4.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endringer i skatteloven § 8-1 nytt syvende og niende ledd og § 12-12 andre ledd bokstav f nytt fjerde alternativ.