6. Forholdet til utvida rettar for den fornærma

Departementet ba i høyringsnotatet høyringsinstansane vurdere om dei pårørande burde få same eller nokre av dei rettane dei fornærma får - på vilkår av at dei fornærma skulle få utvida rettar. Av di departementet har kome til at eit utval bør greie ut spørsmålet om ei styrking av den fornærma si stilling nærare, finn ikkje departementet grunn til å gå inn på høyringsfråsegnene på dette punktet. Men fråsegnene vil vere ein del av det grunnlagsmaterialet utvalet skal leggje til grunn for arbeidet sitt, og utvalet vil òg bli bede om å vurdere dei pårørande si stilling.