Innstilling fra justiskomiteen om lov om handheving av det frie varebyttet innan EØS

Dette dokument

Til Odelstinget

Sammendrag

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om lov om handheving av det frie varebyttet innan EØS. Lova skal gjennomføre rådsforordning (EF) nr. 2679/98 av 7. desember 1998 om verkeområdet til den indre marknaden med omsyn til det frie varebyttet mellom EØS-statane (handhevingsforordninga) i norsk rett. Målsetjinga med forordninga er å sikre at det ikkje oppstår alvorlege faktiske hindringar for det frie varebyttet, til dømes i form av private blokadar og øydeleggingar. Etter forordninga skal statane gripe inn med naudsynte tiltak for å fjerne alvorlege hindringar mot det frie varebyttet som fører til monaleg skade for den som vert råka av hindringa. Forordninga inneheld òg reglar om utveksling av informasjon mellom EØS-statane.

EØS-komiteen vedtok 8. juni 2004 å innlemme handhevingsforordninga i EØS-avtalen vedlegg II (tekniske føresegner, standardar, prøving og sertifisering), jf. EØS-komiteens vedtak nr. 71/2004. I det same vedtaket vart resolusjon nr. 1212 av 7. desember 1998 innlemma i det nemnde vedlegget til EØS-avtalen. Norske styresmakter skal ta omsyn til resolusjonen ved praktiseringa av forordninga, men resolusjonen skal ikkje gjennomførast i norsk intern rett.

Departementet er innforstått med at EØS-avtalen og EØS-lova allereie inneber ei viss plikt til fjerning av hindringar for det frie varebyttet. Etter departementet sitt syn kan det ikkje utelukkast at forordninga går lenger enn gjeldande rett når det gjeld den plikta styresmaktane har til å fjerne hindringar. Innhaldet i forordninga medfører at gjennomføringa bør gjerast ved lov.

Departementet peiker på at det ved handhevinga av lova kan vere naudsynt med samvirke mellom fleire offentlege etatar, sjølv om tiltak i første rekkje vil bli gjennomført av politiet. Departementet peiker i denne samanheng på at det er opp til norske styresmakter å avgjere om det skal gripast inn. Kva for tiltak som skal nyttast, er det òg opp til norske styresmakter å ta stilling til. Departementet er samd med Politidirektoratet i at lovframlegget ikkje gjer det naudsynt med endringar i politilova.

Departementet viser til at forordninga ikkje grip inn i retten til å streike etter gjeldande nasjonal rett.

Det er gjort greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane i St.prp. nr. 5 (2004-2005) punkt 5. Departementet viser til handsaminga der.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunn Karin Gjul, Anne Helen Rui og Knut Storberget, fra Høyre, lederen Trond Helleland, Linda Cathrine Hofstad og Ingjerd Schou, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og André Kvakkestad, fra Kristelig Folkeparti, Einar Holstad og Finn Kristian Marthinsen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, viser til den fremlagte proposisjonen og slutter seg til lovforslaget som gjennomfører rådsforordning (EF) nr. 2679/98 av 7. desember 1998 om håndheving av det frie varebyttet innen EØS. Komiteen slutter seg til lovforslaget og dets begrunnelse men vil likevel bemerke at lovforslaget ikke begrenser de lovlige aksjonsformer partene i arbeidslivet besitter, og at disse er fullt ut i behold også etter vedtagelse av loven.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om handheving av det frie varebyttet innan EØS

§ 1

Lova gjeld tiltak mot alvorlege faktiske hindringar av den frie rørsla av varer mellom Noreg og andre EØS-statar, til dømes blokadar og øydeleggingar, og utveksling av informasjon om slike hindringar.

Lova gjeld ikkje for Svalbard.

§ 2

EØS-avtalen vedlegg II kapittel XX punkt 1 (forordning (EF) nr. 2679/98) om verkemåten til den indre marknaden med omsyn til det frie varebyttet mellom EØS-statane gjeld som norsk lov med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg II og protokoll 1 til avtalen og avtalen elles.

§ 3

Lova vert sett i verk straks.

Oslo, i justiskomiteen, den 20. januar 2005

Trond Helleland Knut Storberget
leder ordfører