Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har ellers ingen merknader,
viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre
slikt
vedtak til lov
om endringar i jordlova mv.
I
I lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) blir det
gjort følgjande endringar:
§ 6 skal lyde:
På vegne av staten skal Fylkesmannen, fylkeslandbruksstyret
og kommunen arbeide med dei føremåla som er nemnde
i § 1. Dei skal mellom anna arbeide
ut planar for korleis jorda skal nyttast, hjelpa til med
førebuing av grunnutnyttingsplanar som vedkjem landbruket
etter plan- og bygningslova og gjera det arbeidet som dei vert pålagde
ved lov eller ved vedtak av departementet.
§ 8 femte ledd skal lyde:
Om pålegg ikkje er etterkome når fristen
er ute, kan departementet gjera avtale om bortleige av heile eller
delar av jorda for ei tid av inntil 10 år.
Kap. VI blir oppheva.
§ 18 skal lyde:
Etter retningsliner fastsett av Stortinget, kan departementet
fastsetja føresegner om fordeling og vilkår for
utbetaling og formidling av tilskot etter jordbruksavtalen
eller liknande tilskot, herunder atterhald og avkorting
av tilskot, utestenging frå ei ordning, og rente ved krav
om tilbakebetaling.
II
I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten
blir det gjort følgjande endringar:
§ 16 fjerde ledd skal lyde:
Jord som blir lagt til ein eigedom som tilleggsjord
går inn under odel eller odling på den
eigedomen jorda blir tillagt når departementet har
godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord,
og jorda – dersom det er odelsjord – er gjort
odelsfri i samsvar med reglane om odelsfrigjering.
§ 31 skal lyde:
I den mon odelsrett vil kunne skiple ei eigedomstileigning
som departementet har godkjent av di kjøparen
bør få tilleggsjord kan departementet fri slik
jord for eldre odelsrett. Odelsfrigjering kan likevel ikkje skje
andsynes dei som etter konsesjonslova § 5 første
ledd nr. 1 kunne kjøpe eigedomen konsesjonsfritt,
med mindre det gjeld eigedom der arealet er under 30 dekar, eller det
ikkje er tvil om at omsynet til odelsrettshavarane må vike
av di eigedomstileigninga inneber ei god driftsmessig løysing.
III
Lov 22. juni 1934 nr. 5 om midlertidige innførselsforbud
m.v. blir oppheva.
IV
Lov 31. mai 1935 nr. 5 om adgang til å utferdige forbud
mot omsetning av ustemplet kjøtt og skinn av tamrein blir
oppheva.
V
Lov 16. juni 1939 nr. 10 om regulering av tilvirkning og omsetning
av potetmjøl m.m. blir oppheva.
VI
Lov 13. desember 1946 nr. 23 om omsetning av pelsdyrskinn blir
oppheva.
VII
Lov 31. mai 1974 nr. 20 om importavgift og råvareprisutjevning
ved eksport (eksportrestitusjon) for produkter framstilt ved bearbeidelse
av jordbruksråvarer blir oppheva.
VIII
Lov 22. desember 1999 nr. 103 om opphevelse av lov 5. februar
1965 nr. 2 om Statens Landbruksbank m.m. (Overføring av
Landbruksbankens oppgaver til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)
blir oppheva.
IX
Ikrafttreding og overgangsføresegner
Endringane i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) §§ 6,
8 femte ledd, 18 og opphevinga av kap. VI, samt endringane i lov
28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten §§ 16
fjerde ledd og 31 trer i kraft frå den tid Kongen fastset.
Det same gjeld opphevinga av lov 22. juni 1934 nr. 5 om midlertidige
innførselsforbud m.v., lov 31. mai 1935 nr. 5 om adgang
til å utferdige forbud mot omsetning av ustemplet kjøtt
og skinn av tamrein, lov 16. juni 1939 nr. 10 om regulering av tilvirkning
og omsetning av potetmjøl m.m., lov 13. desember 1946 nr.
23 om omsetning av pelsdyrskinn, lov 31. mai 1974 nr. 20 om importavgift
og råvareprisutjevning ved eksport (eksportrestitusjon)
for produkter framstilt ved bearbeidelse av jordbruksråvarer
og lov 22. desember 1999 nr. 103 om opphevelse av lov 5. februar
1965 nr. 2 om Statens Landbruksbank m.m. (Overføring av
Landbruksbankens oppgaver til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)
blir oppheva.
Endringane får verknad for søknader som ikkje
er avgjort før lova her tar til å gjelde. Det
same gjeld om jorda er vanhevda før lova tar til å gjelde.
Jord som staten har kjøpt i medhald av jordlova, forkjøp,
eller har oreigna for å seljast vidare som tilleggsjord,
skal seljast vidare etter føresegnene slik dei var før
lova tar til å gjelde.
Søknader om oreigning i medhald av jordlova § 14
som er innkomne til kommunen innan fem år frå endringa
etter første ledd trer i kraft, skal handsamast og avgjerast
etter føresegnene i jordlova slik dei var før
lova tar til å gjelde.