5. Endringar i artistskattelova

5.1 Sammendrag

Etter artistskattelova (lov 13. desember 1996 nr. 87) og Stortinget sitt skattevedtak blir utanlandske artistar skattlagde med 15 prosent av bruttoinntekt.

Artistskattelova § 1 andre ledd bestemmer at artistskatt som er trekt i det året artisten blir rekna for busett i Noreg, blir gjort om til forskot på skatt etter skattebetalingslova. I motsetnad til dette blir artistskatt i år då artisten berre har ei avgrensa skatteplikt til Noreg, rekna som endeleg skatt utan likning.

Formålet med artistskattelova er å få skattlagt artistar som er med i arrangement med avgrensa tidslengd i Noreg utan å busetje seg her. Likevel vil lova i nokre tilfelle gjelde for artistar som etter kvart buset seg i Noreg. Dette kjem av at artistskatt i det året artisten berre har avgrensa skatteplikt til Noreg, i utgangspunktet blir rekna for endeleg.

Ein person vil ha avgrensa skatteplikt til Noreg fram til det inntektsåret då han har vore her meir enn 270 dagar i eit tidsrom på 36 månader eller 183 dagar i eit tidsrom på 12 månader, jf. skattelova § 2-1 andre ledd. Ein person som flytter til Noreg etter 1. juli eit år og ikkje har vore her tidlegare, vil derfor ha avgrensa skatteplikt heile det året då han flytta hit. Han blir skattemessig busett i Noreg først året etter.

Ei skattlegging etter artistskattelova av ei brutto inntekt etter ein flat og etter måten låg sats kan etter høva gi ei mildare skattlegging enn skattlegging av nettoinntekta etter progressive reglar. Dette gjeld særleg i tilfelle der artisten i røynda er ein vanleg lønsmottakar og ikkje sjølv ber vesentlege kostnader ved verksemda. Departementet ser det som uheldig at somme skattytarar ved flytting til Noreg skal ha høve til å bli skattlagde mildare enn andre som blir skattemessig busett i Noreg.

Ved at utanlandske artistar frå andre EØS-statar fekk høve til å krevje etterskotsvis likning etter dei alminnelege reglane om skattlegging av avgrensa skattepliktige, blei det opna for at artistskatten kan bli omgjort til forskot på skatt etter skattebetalingslova i høve til avgrensa skattepliktige. Då er det ingen tunge likningstekniske grunnar for at artistar som blir skattemessig busett i Noreg, ikkje skal bli skattlagde etter dei alminnelege reglane om skattlegging av avgrensa skattepliktige fram til dei blir skattemessig busett i Noreg, på same måte som andre innflyttarar.

Departementet foreslår etter dette at artistskattelova § 1 andre ledd første punktum blir endra slik at artist som blir skattemessig busett i Noreg, blir skattlagd etter dei alminnelege reglane om skattlegging av avgrensa skattepliktige for inntektsåret før det året vedkommande blei skattemessig busett i Noreg.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks og får verknad frå og med inntektsåret 2007. Det vil seie at artistar som blir skattemessig busett i Noreg i 2008 og seinare, vil bli likna etter dei alminnelege skattereglane for avgrensa skattepliktige for inntektsåret før.

Forslaget vil ha ein svært avgrensa provenyverknad.

Gjeldande ordning for arbeidsgivaravgift og trygdeavgift vil mellombels bli ført vidare.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endringer i artistskatteloven § 1 annet ledd.