4. Merknader frå Framstegspartiet

Komiteen sitt medlem frå Framstegspartiet, Hillgaar, vil peika på at ein i liten grad har nytta positive verkemedel for å finne fram til løysing av problem knytta til lagring og deponering av spesielt avfall. Utifrå ein prinsipiell haldning vil Framstegspartiet streka under at ein vil kunna oppnå betre løysingar ved at ein nyttar eit positivt anbudssystem ved lokalisering av slike anlegg.

       Dette medlem er samd med fleirtalet i dei reint tekniske og miljømessige synspunkter på Regjeringa sitt framlegg, men vil foreslå at Regjeringa raskt innbyr interesserte kommunar til å stille seg positive til eit deponi mot vederlag. Ved å nytte anbod som verkemedel, vil ein så kunne finne fram til ein akseptabel lokalisering som gir god tryggleik til riktig pris.

       Dette medlem foreslår:

       « Stortinget ber Regjeringa nytte anbod som verkemedel for å finne fram til lokaliseringsstad for lager/deponi for det lav- og middels radioaktive avfallet som i dag er lagret på Kjeller, og det avfallet som etter hvert blir skapt ved IFE m.v. »

       « Stortinget ber Regjeringa nytte positive verkemedel som anbod i framtida ved lokalisering av spesialavfallslagre. »

       Framstegspartiet sitt subsidiære syn på dette går fram av fellesmerknaden foran mellom Arbeiderpartiet, medlemet Fatland frå Høgre og frå Framstegspartiet.