2. Kap. 520 Utlendingsdirektoratet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, statlige mottak

       I proposisjonen vert det gjort framlegg om ein reduksjon av løyvinga med 175 mill. kroner, frå kr 1.185.000 til kr 1.010.000.

       I proposisjonen vert dei viktigaste forholda som påverker løyvingsbehovet omtala. Løyvinga på posten var opprinneleg basert på at det ville kome 10.000 asylsøkjarar til Noreg i 1994. Dei siste 6 månadene har det kome langt færre asylsøkjarar enn opprinneleg antatt, det vil seie mellom 150 og 250 personar pr. månad. Departementet antar at talet på nye asylsøkjarar vil liggje på dette nivået ut året.

       I proposisjonen visast det også til at belegget i mottaka har vore lågare enn forutsatt. Det har ikkje vore mogleg å redusere kapasiteten i mottaka i takt med nedgangen i belegget, men andelen unytta plassar vil verte redusert fram mot årsskiftet.

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Anneliese Dørum, Eirin Faldet, Roger Gudmundseth, Rolf Terje Klungland, Rune E Kristiansen og Leif Lund, frå Senterpartiet, Eva Lian, Morten Lund og Terje Riis Johansen, frå Høgre, Tore A Liltved og Arild Lund, frå Sosialistisk Venstreparti, Børre Rønningen, og frå Kristeleg Folkeparti, Ola T Lånke, har merka seg at reduksjonen i løyvinga over kap. 520 skuldast at det er kome færre asylsøkarar til landet enn tidlegare rekna med.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpariet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti viser til framlegg om ein mindre restriktiv flyktningepolitikk, men tek til etterretning at det ikkje er fleirtal for å endre praksisen overfor flyktningar frå krigsherja område i det tidlegare Jugoslavia.

       Komiteen har elles ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.