4. Kap. 550 Lokal næringsutvikling

Post 52 Omstillingsbevilgningen

       Det vert gjort framlegg om ein reduksjon på kr 2.674.000, frå kr 80.550.000 til kr 77.876.000, samtidig som løyvinga under kap. 553 post 76 aukast tilsvarande.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til framlegget.

Post 63 Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag (nytt navn)

       Departementet gjer framlegg om at det vert løyva 42,5 mill. kroner som kompensasjon for ikkje-utbyggjing av Stryne/Loen- og Gaularvassdraget.

       Begge vassdraga vart verna mot kraftutbyggjing gjennom Stortinget si handsaming av Verneplan IV. I proposisjonen vises det til tidlegare stortingsdokument der det er trukke opp generelle retningsliner om kompensasjon til kommunar når vassdrag er bestemt unntekne frå utbyggjing.

       Det gjerast framlegg om at løyvinga vert fordelt med totalt 18,5 mill. kroner til Stryn kommune og ei samla løyving på 24 mill. kroner til kommunane Balestrand, Førde og Gaular. Dei tre sistnemnde kommunane ønskjer sjølv å foreta ei fordeling av beløpet.

       På bakgrunn av ei totalvurdering foreslår departementet at ordninga med kompensasjon for ikkje-utbyggjing av vassdrag vert oppheva.

       Komiteen viser til at Stryn kommune på ulike tidspunkt har vore forespeila utbyggjing av Stryne- og Loenvassdraget, og har over ein lengre periode vore påført ei rekkje kostnader i samband med førebuingane til dei tidlegare planane.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, gjer framlegg om at kompensasjonen til Stryn kommune setjast til 20,5 mill. kroner.

       Fleirtalet gjer følgjande framlegg:

Kap.    550

Lokal næringsutvikling
63 (Ny) Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag, Stryn
kommune, løyvast med kr 20.500.000

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Høyre foreslår å øke bevilgningen til Stryn kommune med 5,5 mill kroner i forhold til Regjeringens forslag. Disse medlemmer foreslår følgelig en bevilgning på 24 mill. kroner.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

Kap.    550

Lokal næringsutvikling
63 (Ny) kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag, Stryn
kommune, bevilges med kr 24.000.000

       Komiteen viser til at tri av dei kommunane som er berørt av vernevedtaket for Gaularvassdraget, Balestrand, Førde og Gaular er foreslått ein kompensasjon for ikkje-utbyggjing på tilsaman 24 mill. kroner.

       Komiteen viser til at desse kommunane får relativt mindre i kompensasjon enn kommunar i tilsvarande posisjon tidlegare. Komiteen vil med bakgrunn i ynskjet om mest mogleg lik praksis, gjere framlegg om at kommunane Balestrand, Førde og Gaular får ein kompensasjon for tap i inntekter på 30 mill. kroner, fordelt med 10 mill. kroner på kvar.

       Komiteen gjer følgjande framlegg:

Kap.  550

Lokal næringsutvikling
64 (Ny) Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag,
Balestrand, Førde og Gaular kommuner, løyvast med kr 30.000.000

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vil vidare, til liks med Stryn kommune, innrømme ein viss kompensasjon til dekning av medgåtte planleggingsutgifter. Desse medlemene foreslår at kvar av desse tri kommunane får 1 mill. kroner til slik kompensasjon.

       Desse medlemene gjer difor fylgjande framlegg:

Kap.  550

Lokal næringsutvikling
64 (Ny) Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag,
Balestrand, Førde og Gaular kommuner, løyvast med kr 33.000.000

       Komiteen sitt fleirtal, alle unntatt medlemene frå Høgre, meiner ordninga med at kompensasjonen vert løyvt over kommunale næringsfond er ei god ordning, men fleirtalet vil understreka at løyva kompensasjon ikkje må føra til at vedkomande kommunar tapar eller får reduksjon i dei årlege tilføringane til næringsfonda.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til sin generelle økonomiske politikk og merknadene vedrørende næringsfond i de årlige budsjettproposisjonene.

       Komiteen viser elles til at Sogn- og Fjordane Fylkeskommune hevdar å ha hatt store utgifter knytta til utbyggjingsplanane for Gaularvassdraget. Komiteen viser her til eigen søknad handsama i Nærings- og energidepartementet. Same søknad er oversendt Kommunal- og arbeidsdepartementet for vurdering.

       Komiteen reknar med at departementet eventuelt seinare kjem tilbake til denne søknaden.

Vurdering av ordninga med kompensasjon for ikkje-utbyggjing

       Komiteen har merka seg Regjeringa sitt framlegg om å oppheva ordninga med kompensasjon for ikkje-utbyggjing av vassdrag.

       Komiteen vil vise til at ordninga med kompensasjon for ikkje-utbyggjing har vore handsama i Stortinget fleire gonger. Retningslinene vart sist stadfest gjennom St.prp. nr. 118 (1991-1992) - Verneplan IV for vassdrag og Innst.S.nr.116 (1992-1993).

       Komiteen vil med bakgrunn i dette og tidlegare handsamingar i Stortinget ikkje tilrå at ein i denne omgang handsamar spørsmålet om oppheving av kompensasjonsordninga. Dette fordi saka er stor og prinsipielt viktig.