Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til at Noreg blir med på den åttande kapitalutvidinga i Den interamerikanske utviklingsbanken.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 117 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 30 (1994-95)
  • Dato: 24.03.1995
  • Utgiver: utanrikskomiteen

1. Samandrag

    Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om at Noreg blir med på ein ny kapitalauke i Den interamerikanske utviklingsbanken (IDB) med innbetaling på til saman 4.523.787 dollar, eller om lag 32 mill. kroner, i tidsrommet 1995-2000. Regjeringa gjer vidare framlegg om at den norske garantikapitalen i IDB blir auka med 114.880.067 dollar eller om lag 800 mill. kroner. Ho gjer og framlegg om at Norge blir med på den nye påfyllinga av kapital til IDB sitt spesialfond med 36.995.860 kroner - med innbetaling i perioden 1995-2000.

       I proposisjonen vert det gjort greie for verksemda i IDB, bakgrunnen for kapitalutvidinga og deltakinga frå Noreg. Ei oversikt over fordelinga av den åttande kapitalauken og ei oversikt over tilskota til Spesialfondet ligg ved proposisjonen.

       Det blir i proposisjonen vist til at IDB skil seg ut frå dei andre utviklingsbankane ved at forhandlingar om å utvide ressursane i banken blir førte samla for aksjekapitalen og for Spesialfondet. Banken gjev lån på gunstige marknadsrentevilkår til dei meir velståande utviklingslanda i regionen. Dei fattigaste landa får lån på mjuke vilkår frå Spesialfondet.

       Sidan banken byrja verksemda si i 1960, hadde han ved utgangen av 1993 godkjent lån til ein samla verdi av 63 mrd. dollar. Desse pengane var då fordelte såleis at 49,6 mrd. hadde basis i aksjekapitalen, 11,8 mrd. kom frå Spesialfondet og 1,6 mrd. frå andre, mindre fond som banken styrer. Av det samla utlånet på 63 mrd. dollar, har 27,6 % gått til jordbruk og fiske, industri og gruvedrift; 36,8 % har gått til energi, transport og kommunikasjonar; 20,4 % til sosialsektorane - særleg helse, vatn og avløp, i tillegg til utdanning - og 13,7 % til andre føremål, som m.a. reformtiltak. I tillegg hadde IDB ved utgangen av 1993 gjeve fagleg hjelp og støtte på gåvevilkår til ein samla verdi av 1 mrd. dollar.

       Låntakarlanda til banken er inndelte i fire kategoriar, frå gruppe A som er dei fire mest ressurssterke landa: Argentina, Brasil, Mexico og Venezuela, til gruppe D, som då er dei elleve fattigaste landa. Under den fireårige utlånsperioden for den sjuande kapitalutvidinga (IDB7.1990-93) fekk landa i gruppe A og B i alt 68,6 % av det samla utlånet, medan landa i gruppe C og D fekk 31,4 %. Banken var i same tidbolken den største multilaterale finansieringskjelda for dei små og mellomstore landa i regionen.

       Forhandlingane om den åttande utvidinga (IDB8) vart avslutta under årsmøtet i 1994. Resultatet vart ein auke av aksjekapitalen i banken med 40 mrd. dollar, til ein samla kapital på om lag 100 mrd. dollar. Den innbetalte delen vart fastsett til 2,5 %. Resten er garantikapital. Spesialfondet skal aukast med 1 mrd. dollar. Både kapitalauken no og påfyllinga av Spesialfondet blir truleg dei siste i bankens historie.

       Under forhandlingane om den åttande kapitalutvidinga kravde dei ikkje-regionale landa både ein auke av røystetalet og betre representasjon i styret for banken. Resultatet vart at dei ikkje-regionale landa sin del no aukar frå 7,1 % ved slutten av perioden for IDB7 til 16 % ved den nye kapitalutvidinga (IDB8). Dei ikkje-regionale landa fekk også større representasjon i styret for banken. Den nye ordninga kjem til å gje Noreg ein representasjon i valgruppa og ein innverknad i styret som blir mykje sterkare enn til no.

       Resultatet av forhandlingane som gjaldt påfyllinga av Spesialfondet, vart at dei ikkje-regionale landa som aukar sine aksjepostar i banken, no lyt betale forholdsvis meir enn dei regionale landa. Såleis har ein som føresetnad at om lag 443 mill. dollar av påfyllinga på 1 mrd. dollar må dekkjast av dei ikkje-regionale landa ved såkalla supplerande tilskot.

       Det vert opplyst i proposisjonen at det har vore brei semje under forhandlingane om hovudtrekka i bankens politikk i åra framover. Utlånsprogrammet skal leggje mest vekt på å få bukt med fattigdommen og skape betre sosial rettferd og miljø. Offentleg sektor må også moderniserast og det sivile samfunnet styrkjast. Samtidig skal ein ta særskilde omsyn til verksemda åt kvinner og barn i tillegg til urbefolkningsgruppene. Utlån til dei føremåla som er nemnde her, blir definerte som utlån til sosiale sektorar i vid meining, og dette skal utgjere minst 40 % av heile verdien til låneprogrammet og halvparten av alle låna totalt.

       Eit omstridd spørsmål i forhandlingane var om banken skal låne ut direkte til den private sektoren utan regjeringsgarantiar. Til slutt vart det semje om at banken skal kunne gje slike lån i avgrensa omfang og under særskilde vilkår.

       Under den åttande påfyllinga av Spesialfondet kjem midlane til å bli reserverte til dei fem fattigaste landa (Bolivia, Guyana, Haiti, Honduras og Nicaragua). Det kjem no såleis til å bli ei sterkare prioritering av dei aller fattigaste landa. Dei andre landa i gruppe D som er noko betre stilte, kjem til å få ei viss rentesubsidiering på låna sine. Dette får dei då med basis i aksjekapitalen.

       Noreg har vore medlem av IDB sidan 1986. I den sjuande kapitalutvidinga vedteken i 1989 var Noreg med og ytte over 22 mill. dollar til aksjekapitalen og vel 600.000 dollar til påfyllinga av Spesialfondet. Noreg har fått tildelt 9.898 nye aksjar når banken no aukar aksjekapitalen sin. Det skal betalast inn pengar for 375 aksjar. Dei 9.523 aksjane som då står att, er garantikapital. Det vil seie at Noreg skal betale inn i alt 4.523.787 dollar, eller om lag 32 mill. kroner. Den nøyaktige summen er avhengig av dollarkursen på innbetalingstidspunkta. Innbetalinga skal gå føre seg i seks årlege partar frå 1995. Det er føresetnaden at garantikapitalen skal aukast med 114.880.067 dollar, eller om lag 800 mill. kroner. Innbetalinga til auken av aksjekapitalen og ei eventuell aktivisering av Noregs garantikapital kjem til å bli dekt innanfor u-hjelpsramma og blir då godkjent som ODA.

       Det er vidare føresetnaden at Noreg skal gje eit tilskot til Spesialfondet på 36.995.860 kroner etter ein fastlagd omrekningskurs. Denne summen skal betalast inn i tidbolken 1995-2000. Tilskotet kjem til å bli dekt innanfor u-hjelpsramma og blir då godkjent som ODA.

       Det vert opplyst i proposisjonen at det i Statsbudsjettet for 1995 er løyvt 6 mill. kroner til den første innbetalinga for å auke aksjekapitalen til IDB og 7 mill. kroner til den første innbetalinga for å styrkje Spesialfondet. Desse beløpa er førte opp under kap. 163 Multilateral bistand under internasjonale finansieringsinstitusjonar, post 73 Innskott i Den interamerikanske utviklingsbanken og Spesialfondet. Regjeringa vil kome attende til løyvingsspørsmålet i samband med budsjettframlegga for åra 1996, 1997, 1998, 1999 og 2000.

2. Komiteen sine merknader

  Komiteens flertall, alle unntatt representanten Gundersen, har merket seg at det har vært bred enighet under forhandlingene om hovedtrekkene i Den interamerikanske utviklingsbankens politikk i årene fremover.

       Flertallet vil understreke at utlånsprogrammet skal legge mest vekt på å få bukt med fattigdommen og skape bedre sosial rettferdighet og miljø.

       Flertallet vil vise til at Stortinget har bevilget de nødvendige midler slik at så vel 6 mill. kroner til aksjeinnbetaling som 7 mill. kroner til første innbetaling til Spesialfondet har dekning i 1995-budsjettet. Flertallet viser til at senere års bevilgninger blir behandlet i de aktuelle budsjetter.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, Fridtjof Frank Gundersen, vil motsette seg at Norge deltar i Den interamerikanske utviklingesbanken med en innbetaling som tilsvarer ca 32 mill. kroner.

       Dette medlem er ikke enig i at det norske garantiansvaret blir øket med ca 800 mill. kroner. Det samme gjelder påfylling av kapital til IDBs Spesialfond med ca 37 mill. kroner.

3. Komiteen si tilråding

   Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

1. Stortinget samtykkjer i at Noreg blir med på ein ny kapitalauke i Den interamerikanske utviklingsbanken (IDB) med ein innbetalt del som svarar til ein motverdi i norske kroner på innbetalingstidspunktet på til saman 4.523.787 dollar. Dette vil etter ein pårekna kurs på 1 dollar = 7,00 kroner utgjere om lag 32 mill. kroner. Denne summen skal betalast inn i tidbolken 1995-2000.
2. Stortinget samtykkjer i at den norske garantikapitalen i IDB blir auka med 114.880.067 dollar, noko som svarar til om lag 800 mill. kroner, etter ein dollarkurs på 7,00 kroner.
3. Stortinget samtykkjer i at Noreg blir med på den nye påfyllinga av kapital til IDBs Spesialfond med 36.995.860 kroner. Innbetalinga av desse pengane skal då skje i åra 1995-2000.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 23. mars 1995.

Haakon Blankenborg, Kaci Kullmann Five, Anne Enger Lahnstein,
leiar. ordførar. sekretær.