5. Komiteens tilråding

    Komiteen har for øvrig ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

A. Innlemming av nye stillingar i Statens pensjonskasse

I.

       Dei stillingane som er nemnde nedanfor, går inn under føresegnene i lov av 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse frå dei tidspunkta som er gitt for kvar innlemming. Vedtaket gjeld alle stillingar i den nemnde verksemda, dersom ikke anna er sagt.

1. Fylkesledda i Vaksenopplæringsforbundet blir innlemma med verknad frå 1. september 1992.
2. Stiftelsen for helsetjenesteforskning ved Sentralsykehuset i Akershus blir innlemma med verknad frå 1. juni 1992.
3. Stiftelsen Universitetsstudiene på Svalbard (UNIS) blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994.
4. Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (NKSS) blir innlemma med verknad frå 1. oktober 1991.
5. Forskningsstiftelsen Step-gruppen blir innlemma med verknad frå 1. april 1994.
6. Rådet for psykisk helse blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993.
7. Stiftelsen Senter for høyere studier blir innlemma med verknad frå 1. mai 1992.
8. NSB Gardermobanen A/S blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993.
9. Oslo Hovedflyplass A/S blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993.
10. Nord-Norsk pensjonistskole blir innlemma med verknad frå 1. januar 1992.
11. Norsk Folkehjelp blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994.
12. Stiftelsen Sosial Trygd blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993.
13. Egede Instituttet blir innlemma med verknad frå 1. august 1992.
14. Statkraft SF og Statnett SF har rett til å vidareføre medlemskapen sin etter omorganiseringa 1. januar 1992.
15. Statkraft Engineering A/S og Statkraft Anlegg A/S blir innlemma med verknad frå 1. juli 1993.
16. H.M Kongens teneste blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994.
17. Stiftelsen Kirkeforskning (KIFO) blir innlemma med verknad frå 1. april 1994.
18. a) Statskog SF blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993 og b) Statskog SF - skogsarbeidarar blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994.
19. Stiftinga Unifor ved Universitetet i Oslo blir innlemma med verknad frå 1. oktober 1993.
20. Institusjonar tilknytte Norsk Medisinaldepot blir innlemma med verknad frå 1. juli 1994.21. Akva Gen AS blir innlemma med verknad frå 1. januar 1995.

II.

       Innlemmingsvedtaket gjeld tenestemenn som er tilsette:

a) etter innlemmingstidspunktet
b) før innlemmingstidspunktet som anten har sagt seg villige til å bli medlem av Statens pensjonskasse, eller som innan tre månader etter at vedkomande er gjord kjend med at han/ho har fått rett til medlemskap i Statens pensjonskasse, seier seg villig til å bli medlem.

B. Endringar i tidlegare vedtak om innlemming av stillingar i Statens pensjonskasse

1. Tilsette ved Musikkselskabet Harmonien frå 1. januar 1991.
2. Tilsette ved Filharmonien frå 1. januar 1991.
3. Tilsette ved Nordisk Språksekretariat frå 1. januar 1990.
4. Tilsette ved Rudolf Steinerskolen i Vestfold, vidaregåande steg, frå 1. januar 1992.
5. Tilsette ved Norsk Reknesentral frå 1. mars 1993.
6. Tilsette ved Jordforsk frå 1. april 1992.
7. Tilsette ved Statnett SF frå 1. februar 1993.

C. Medrekning av tidlegare tenestetid

H.M Kongens teneste

       I medhald av lov av 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse, § 20, 3. ledd, fastsetjer ein slike reglar om medrekning av tenestetid for arbeidstakarar ved H.M Kongens teneste:

1. Arbeidstakarar, som no blir medlem av Statens pensjonskasse, får rekna med som tenestetid i Statens pensjonskasse, si tidlegare teneste ved H.M Kongens teneste.
       Går arbeidstakarar ved H.M Kongens teneste over frå deltidsstilling til større deltidsstilling, eller til full stilling ved overgang til medlemskapen i Statens pensjonskasse, kan pensjonsgrunnlaget reduserast i høve til arbeidstida, etter reglane i pensjonslova, § 15.
2. Medrekninga fører til at arbeidstakarar ved H.M Kongens teneste, i høve til reglane i pensjonslova, blir rekna som om han/ho hadde vore medlem av Statens pensjonskasse i vedkomande periode, når det gjeld regelen om opptak, utrekning av pensjonen, med vidare.
3. Administrasjonsdepartementet kan i nødvendig utstrekning gi utfyllande reglar for gjennomføring av ordninga foran.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 11. mai 1995.

Grethe G Fossum, Arne Haukvik, Eli Sollied Øveraas,
leiar. ordførar. sekretær.