2. Komiteens merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Dagny Gärtner Hovig, Tom Thoresen og Rita Tveiten, frå Senterpartiet, Edvard Grimstad og Jorid Avdem, frå Høgre Børre Rognlien og Petter Thomassen, frå Sosialistisk Venstreparti, Kjellbjørg Lunde, frå Kristeleg Folkeparti, Dag Jostein Fjærvoll og frå Framstegspartiet, Arve Lønnum, har merka seg den orientering som er gjeve når det gjeld norsk romverksemd og den næringsaktivitet som er utvikla på bakgrunn av norsk deltaking i internasjonal verksemd på dette området.

       Komiteen har vidare merka seg at Riksrevisjonen i ein fireårs periode har vore med i European Space Agency sin eksterne revisjonskommisjon, The Audit Commision, som utøver reknskaps- og forvaltningsrevisjon av verksemda i ESA. Føremålet med revisjonsarbeidet skal vere å sjå til at alle utgifter er i samsvar med budsjettet og føresetnadene for budsjettet og at dokumentasjonen er korrekt og i samsvar med lover og regler. Revisjonskommisjonen skal også gje rapport om den økonomiske styringa, om korleis disponible ressurser vert nytta, og skal på denne bakgrunn legge fram ein årleg rapport over den revisjon som er gjort. Rapporten blir lagt fram for ESA sitt øvste organ, Rådet, som kvart år skal godkjenne og offentleggjere eit revidert årsrekneskap for ESA.

       Komiteen meiner at deltakinga i ESA sin revisjonsverksemd er med på å gi Riksrevisjonen god røynsle i revisjonsarbeid knytta opp mot internasjonale organisasjonar, og har i denne samanheng også merka seg at det opplegg for revisjonsarbeidet i ESA som no er vedteke, har gitt ein vesentleg styrka revisjon og at samarbeidet med dei styrande organa er intensivert.

       Komiteen har vidare merka seg at deltakinga i ESA kan vere ein verdfull plattform når det gjeld internasjonalt samarbeid m.a. når det gjeld miljøovervåking.

       Komiteen har utover dette ingen merknader til den orientering Riksrevisjonen har gitt om Riksrevisjonen si deltaking i revisjonen av Den Europeiske Romfartsorganisasjon (European Space Agency) i perioden 1991-94.