Innstilling frå utanrikskomiteen om Noregs deltaking i Europarådet i 1994.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 54 (1995-1996)
  • Kildedok: St.meld. nr. 9 (1995-96)
  • Dato: 30.11.1995
  • Utgiver: utanrikskomiteen

1. Samandrag

       Meldinga gjev ei brei oversikt over Europarådet si verksemd og Noreg si deltaking i rådet sitt arbeid på regjeringsplan i 1994.

       I vedlegg 1 til meldinga er det gjort greie for fagministerkonferansane i regi av Europarådet i 1994, mellom dei den 10. ministerkonferansen for regional planlegging i Oslo i september 1994. Vedlegg 2 inneheld ei oversikt over nye konvensjonar og avtalar, Europarådet sitt budsjett og Noreg sin del av budsjettet for 1994 og eit oversyn over rekommandasjonar og resolusjonar til medlemslanda vedtekne av komiteen av faste representantar i 1994. Vedlegg 3 til meldinga inneheld ei fråsegn vedteken av Ministerkomiteen i november 1994 om oppfylling av plikter som medlemsstatar i Europarådet tek på seg. Vedlegg 4 inneheld ei oversikt over medlemslanda i Europarådet i 1994.

       I meldinga vert det vist til at utvidinga av Europarådet og dei utfordringane dette fører med seg prega den politiske debatten i organisasjonen i 1994, slik det prega det første toppmøtet i Europarådet si historie i 1993. Med opptaket av Andorra i 1994 kom talet på medlemsland opp i 33, fem fleire enn i 1992. Ytterlegare åtte land, Latvia, Russland, Ukraina, Belarus, Moldova, Kroatia, den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Albania, hadde søkt om medlemskap.

       Det vert vidare vist til at ivaretaking av hovudprinsippa for Europarådet si verksemd; demokrati, menneskerettar og rettsstatsprinsippa, stod sentralt i debatten om konsekvensane av utvidinga. Det var brei semje om at standarden, krava til medlemslanda, ikkje måtte undergravast. Den 10. november 1994 vedtok Ministerkomiteen ei fråsegn om oppfølging av medlemskapspliktene, eit resultat av ein prosess der Noreg saman med Nederland spela ei pådrivarrolle. Ordninga gjeld samtlege medlemsland. I erklæringa heiter det mellom anna at Ministerkomiteen skal vurdere medlemslanda si oppfølging av medlemskapspliktene som gjeld demokrati, menneskerettar og rettsstatsprinsippet. Spørsmåla skal vurderast på ein konstruktiv måte, ved at ein gjennom dialog og samarbeid oppmodar medlemslanda om å ta alle naudsynte steg for å oppnå samsvar med dei aktuelle reglane. Komiteen av ministrane sine faste representantar vart pålagd å utarbeide ein prosedyre for gjennomføring av prinsippa i erklæringa.

       Iverksetting av vedtaka frå toppmøtet i 1993 stod òg sentralt i Europarådet si verksemd i 1994. Dei viktigaste vedtaka gjaldt 1) reform av kontrollsystemet for menneskerettar, 2) utarbeiding av to rettslege instrument for vern av nasjonale minoritetar og 3) ein europeisk handlingsplan mot rasisme. Ein vedtok òg å gje konferansen av lokale og regionale styremakter status som rådgjevande organ.

       Reforma av kontrollsystemet for menneskerettane kom eit steg nærare fullføring då 31 av dei 32 medlemslanda 11. mai 1994 underteikna protokoll nr. 11 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Målsettinga er å auke effektiviteten til kontrollsystemet, m.a. for å kunne handsame ei aukande saksmengde som følgjer av utvidinga.

       Ministerkomiteen vedtok 11. november 1994 ein rammekonvensjon for vern av nasjonale minoritetar. Neste ledd i oppfølginga av arbeidet med å sikre rettane til nasjonale minoritetar vil vere å utarbeide ein tilleggsprotokoll med rettar på det kulturelle området i Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Arbeidet med desse to lovtekstene speglar samstundes Europarådet si rolle i arbeidet med å sikre felles juridisk forankring for medlemslanda sine plikter når det gjeld nasjonale minoritetar, eit av dei potensielt mest eksplosive tema på den nye alleuropeiske dagsordenen.

       Det vert halde fram i meldinga at med etableringa av Den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI) i mars 1994 var hovudelementet i den norsk-initierte handlingsplanen mot rasisme på plass. Kommisjonen er tenkt som eit permanent organ som skal foreslå felles rammer for medlemslanda si handtering av dei aukande problema medlemslanda diverre møter på dette området. Hausten 1994 innleidde Europarådet sin kommisjon eit samarbeid med ei tilsvarande gruppe oppretta av EU, som oppfølging av vedtak frå EU- toppmøtet på Korfu i juni 1994. Den europeiske ungdomskampanjen, det andre hovudelementet i handlingsplanen, vart sett i verk 10. desember 1994.

       Det vert opplyst at Kongressen (tidlegare Konferansen) av lokale og regionale styremakter hadde sin første sesjon 31. mai - 3. juni med sin nye status som konsultativt organ vis-à-vis Ministerkomiteen. Styrking av lokaldemokratiet er eit hovudmål for Kongressen.

       Det vert vidare opplyst at den europeiske kommisjon for demokrati gjennom lovgjeving (Venezia-kommisjonen) i 1994 gav assistanse i arbeidet med reform av grunnlova i følgjande land: Latvia, Russland, Albania, Moldavia, Georgia, Belarus, Kroatia og Bosnia-Hercegovina. Kommisjonen var engasjert i demokratiseringsprosessen i Sør-Afrika, sjølv om dette fell utanfor Kommisjonen sitt verkeområde reint geografisk. Venezia-kommisjonen har òg tatt initiativ til seminar om praktiske og prinsipielle spørsmål i samband med oppbygging av rettsstat og demokrati. På dette feltet samarbeider Kommisjonen med EU, OSSE og SN.

       Det vert vidare opplyst at den europeiske Menneskerettskommisjonen i 1994 fekk til saman om lag 10.000 saker og registrerte 2.927 klager om brot på Menneskerettskonvensjonen i samsvar med artikkel 25. Mellom dei 2.173 sakene som Kommisjonen handsama, blei 1.790 avviste eller strokne av lista, medan dei resterande 383 blei godtekne for vidare handsaming. Dei fleste klagene kom no som tidlegare frå Tyskland, Storbritannia, Frankrike og Italia.

       Det vert opplyst at Europarådet sitt ordinære budsjett i 1994 var på FRF 784 millionar. Det norske tilskotet til dette var FRF 8.296.035. Medrekna finansiering av pensjonar og ulike delavtalar som Noreg er med i, var det norske tilskotet i 1994 på til saman FRF 10.335.179. I tillegg kom det norske tilskotet til Ungdomsfondet og til Støttefondet for kinomatografisk og audiovisuell produksjon i Europa. Det ordinære budsjettet for 1995, som vart vedteke i desember 1994 av Komiteen av faste representantar, var på FRF 800 millionar, ein nominell auke frå 1994 på 2,04 %.

       1. juni 1994 tok den svenske riksdagsmannen og forskaren Daniel Tarchys over som ny generalsekretær i Europarådet, etter franske Catherine Lalumière.

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen vil understreke at Europarådet er inne i ein viktig og vanskeleg utvidingsprosess. Tilhøvet til landa i Sentral- og Aust-Europa stod også i 1994 høgt på Europarådet sin dagsorden. Seks nye medlemsland frå Aust-Europa vart tekne opp som medlemer i 1993. I meldinga for 1994 blir det opplyst at nok eit nytt land, Andorra, vart medlem av Europarådet i 1994.

       Komiteen har vidare merka seg at fem nye land har blitt medlemer i 1995. Først vart Latvia medlem, så kom Albania og Moldova, og hausten 1995 følgde FYROM (Makedonia) og Ukraina. Med dette er medlemstalet i Europarådet oppe i 38. Berre fire land står no att på søkarlista. Det er Belarus (Kvite-Russland), Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Russland. Etter det komiteen kjenner til er det venta at Russland kan få medlemskap i Europarådet våren 1996 om dei politiske tilhøva tilseier det. Eit eventuelt medlemskap for Russland er på mange måtar det avgjerande skritt som gjer Europarådet til eit all-europeisk forum, på line med OSSE (Organisasjonen for Sikkerhet og Samarbeid i Europa).

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, Gundersen, kan ikke gå inn for at Russland opptas som medlem av Europarådet etter at landet har satt i gang en blodig krig i Tsjetsjenia. Dette medlem vil minne om at det her dreier seg om en kolonikrig mot et folk som adskiller seg sterkt fra russerne og som tidligere er forfulgt og massedeportert av regjeringen i Moskva under Sovjetregimet. Dette medlem mener at det nærmest vil virke parodisk å slippe Russland med sin nåværende politikk inn i Europarådet, hvis hovedsak og hovedberettigelse er kampen for menneskerettighetene. Det er Russland som må endre seg, ikke Europarådet.

       Komiteen legg stor vekt på at utvidinga austover kan gjere Europarådet til eit verkeleg alleuropeisk forum. Ønsket om eit høgt tempo i utvidingsprosessen må likevel ikkje få Europarådet til å gå på akkord med sine standardar når det gjeld krav om demokrati, menneskerettar og fredeleg konfliktløysing. Komiteen meiner den strategien Europarådet følger i høve til søkarlanda er vel avvegd i fråsegna frå ministermøtet i november 1994, der ein understreka « den politiske viljen til å akseptera søkarane som medlem så tidleg som mogleg, i samsvar med den demokratiske utviklinga i det einskilde landet ».

       Etter komiteen si meining er det all grunn til å halde fram med å styrke den politiske dialogen, utvide samarbeidsprogramma med søkarlanda og sjå til at dei respekterer alle relevante konvensjonar før medlemskap vert innvilga.

       I denne samanhengen har komiteen merka seg at tre av dei viktigaste vedtaka frå toppmøtet i 1993 har stått sentralt i Europarådet si verksemd i 1994. Det er vedtaka om

1. Reform av kontrollsystemet for menneskerettar
2. Utarbeiding av to rettslege instrument for vern av nasjonale minoritetar
3. Ein europeisk handlingsplan mot rasisme.

       Komiteen meiner dette er nyttige instrument i Europarådet sitt arbeid. Arbeidet mot tendensane til aukande rasisme er aktuelt i mange delar av Europa. Når det gjeld utvidingsprosessen, vil dei to førstnemnde instrumenta truleg stå særleg sentralt i tida frametter.

       Komiteen held den nye kontrollmekanismen, som Noreg og Nederland tok initiativ til, som ein viktig reiskap i denne samanhengen. Med dette får Europarådet eit betre grunnlag for å overvaka at medlemslanda etterlever dei konvensjonar dei har forplikta seg på som medlemer av Europarådet. Etter at vedtaket vart gjort på toppmøtet i 1993, har arbeidet med den praktiske utforminga av denne kontrollmekansimen halde fram i 1994 og 1995. Etter det komiteen kjenner til vil dei første rapportane på grunnlag av den nye kontrollmekanismen kome våren 1996. Dette representerer ei kvalitativ utvikling av europarådssamarbeidet som komiteen vil framheve.

       Når det gjeld samarbeidet med europeiske land som ikkje har søkt medlemskap, har komiteen merka seg at det i noko tid har vore kontakt med Armenia og Azerbajdsjan, medan framlegget frå 1992 om samarbeid med Georgia, Kirgisistan og Kasakhstan framleis er inne i ein innleiande fase. Eit samarbeid i samband med den demokratiske og rettslege reformprosessen er ei svært aktuell oppgåve i desse landa.

       Komiteen har elles merka seg at ein hausten 1995 har tatt til å drøfte om USA, Canada og Japan skal få observatørstatus i Europarådet. Komiteen ser her ein interessant parallell til OSSE, og går ut frå at ein kan kome tilbake til dette spørsmålet i 1996.

       Komiteen har merka seg at meldinga om Noreg si deltaking i Europarådet i 1994 først vart lagt fram i statsråd 5. november 1995. I ei tid med så store omskifte i vilkåra for Europarådet sitt arbeid kan meldinga til Stortinget ikkje gi eit tilstrekkeleg oppdatert bilete når ho kjem så seint. Komiteen vil tilrå at Utanriksdepartementet heretter tar sikte på å legge fram dei årlege meldingane om Noreg si deltaking i Europarådet alt i Stortinget sin vårsesjon. Meldinga vil då utgjere eit betre og meir aktuelt grunnlag for Stortinget si handsaming av saka.

3. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader og rår Stortinget til å fatte følgjande

vedtak:

       St.meld. nr. 9 (1995-1996) - om Noregs deltaking i Europarådet i 1994 - vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 29. november 1995.

Haakon Blankenborg, Kjell Magne Bondevik, Anne Enger Lahnstein,
leiar. ordførar. sekretær.