1. Fiskeridepartementet

10.60 Kystforvaltning

1.1 Kystverket - tilleggsløyving mot innsparing

1.1.1 Kap. 1060 Kystadministrasjon, kap. 1064 Hamnetenesta, kap. 1065 Fyrtenesta

       Riksrevisjonen har i samband med revidering av rekneskapen for Kystverket for 1994, jf. Dok.nr.1 (1995-1996) kritisert tilhøva i Kystverket og lagt særskilt vekt på handsaminga av oppdragsverksemd der Kystverket fram til i dag har ført oppdragsverksemd netto i statsbudsjettet og vidare påtalt ei rekkje omposteringar som er gjort i den løpande rekneskapsføringa.

       Dei auka administrative utgiftene som følgje av oppdragsverksemda har forsterka behovet for omposteringar av utgifter frå kap. 1060 Kystadministrasjon til fagkapitla.

       Fiskeridepartementet vil leggje vinn på å unngå omposteringar i statsrekneskapen for 1995, og det vil difor vere naudsynt å omdisponere mellom løyvingar innanfor Kystverket si budsjettramme for 1995.

       På bakgrunn av dette legg Fiskeridepartementet fram forslag om tilleggsløyving på kap. 1060 Kystadministrasjon, postane 01 og 11 med 2,7 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 1060 post 45 og post 47, kap. 1064 post 30 og kap. 1065 post 30.

Komiteens merknader

       Komiteen er enig i at det må foretas omdisponering av bevilgningene innenfor Kystverkets ramme for å unngå omdisponeringer i statsregnskapet for 1995 og at dette er et ledd i å bedre de regnskapsmessige forhold i Kystverket.

       Komiteen vil understreke at det er viktig at Kystverket utvikler gode budsjetterings- og regnskapssystemer og viser til de endringer som er foretatt i posteringene i budsjettet for 1996.

1.2 Loran-C. Interimsløysing i Bø i Vesterålen

1.2.1 Kap. 1070 Elektroniske navigasjonshjelpemiddel (jf. kap. 4070)

       Fiskeridepartementet orienterte i St.prp. nr. 1 (1995-1996) om forseinkingar i arbeidet med å utvikle eit kontrollsenter i Brest i Frankrike.

       For å kunne drive kontroll frå Loran-C-stasjonen i Bø i Vesterålen i ein interimsperiode (fram til og med 1996) vil det vere naudsynt med investeringar i ein storleik på 1,1 mill. kroner. Vidare vil ein kontrollstasjon i Bø i Vesterålen krevje driftsutgifter på om lag 2,8 mill. kroner pr. år.

       Inntektene/refusjonane frå dei andre samarbeidspartane på totalt 2.560.000 kroner, vert løyvd under kap. 4070 Elektroniske navigasjonshjelpemiddel, ny post 01 Refusjonar NELS mot ein tilsvarande auke på kap. 1070 Elektroniske navigasjonshjelpemiddel, post 70 Tilskot til utbygging og drift av Loran-C.

       Noregs del av desse utgiftene, samla sett 1.340.000 kroner, vil i 1995 verte dekte av den ordinære løyvinga på driftspostane under kap. 1070 Elektroniske navigasjonshjelpemiddel.

       Komiteen har ingen merknader.