1. Innledning

     Til Stortinget.

       Stortingsrepresentant Edvard Grimstad har den 5. april d.å. sett fram følgjande forslag:

       « Det oppnevnes en kommisjon som gis i oppdrag å vurdere dagens organisering av domstolene og fremme forslag om andre måter å organisere domstolene på, herunder en mer selvstendig organisering med et eget « domstolsstyre ».

       I grunngjevinga for forslaget vert det m.a. vist til at norsk forfatning byggjer på maktfordelingsprinsippet mellom lovgjevande, utøvande og dømmande makt. Ein kan reisa spørsmål ved om det er for sterk binding mellom domstolane og den utøvande makta ved Regjeringa og Justisdepartementet. Kongen utnemner dommarar og saksførebuinga skjer i Justisdepartementet. Det vert reist spørsmål ved om dette fører til eit for snevert rekrutteringsgrunnlag for dommarar. Det er og Justisdepartementet som har budsjettansvaret for domstolane. Spørsmålet er om det finnest bindingar mellom domstolane og Justisdepartementet/politiet/påtalemakta som svekkjer maktfordelingsprinsippet og rettstryggleiken.

       Ein av dei modellane som bør utgreiast av kommisjonen er å gje domstolane sin eigen organisasjon med ei administrativ leiing. Som domstolane sitt øverste administrative organ kan tenkjast eit styre, råd eller utval. Kommisjonen skal og vurdera korleis dommarar og anna personell skal tilsetjast, og bør dessutan drøfta nærare kven som skal oppnemna medlemer av det øverste administrative organet for domstolane.

       Kommisjonen bør ha representantar for alle nivå av domstolane, Den norske Dommerforening, Justisdepartementet, eventuelt óg ein representant for forsvararane og eit fleirtal fritt valt av Stortinget.