7. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Dagny Gärtner Hovig, Tom Thoresen og Rita Tveiten, frå Senterpartiet, Edvard Grimstad og Marit Tingelstad, frå Høgre, Jan P. Syse og Petter Thomassen, frå Sosialistisk Venstreparti, Kjellbjørg Lunde, frå Kristeleg Folkeparti, Dag Jostein Fjærvoll og frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, viser til at det etter Riksrevisjonen si meining ikkje er råd å føra god nok kontroll med bruken av bistandsmidlane i India og Nicaragua.

       Komiteen syner til at avtalen med India ikkje spesifiserer at indisk revisjon skal revidera bistandstiltaka. Komiteen har vidare merka seg Riksrevisjonen si påpeiking av at NORAD i einskilde høve ikkje har motteke framdriftsplanar og rekneskap slik føresetnaden var i avtalen med India, og at NORAD ikkje i tilstrekkeleg grad dokumenterer kva reaksjonar dei har sett i verk.

       Komiteen legg stor vekt på at alt bistandsarbeid skal kunna kontrollerast og etterprøvast. Komiteen vil peika på at all offentleg norsk bistand må koma til syne i mottakarlandet sine rekneskap og reviderast av mottakarlandet sin riksrevisjon.

       Komiteen meiner at det om nødvendig må setjast av midlar til lokal revisjon innom dei ulike bistandsprogramma, samt at det vert gjort klåre avtalar med mottakarlandet om revisjon og rapporteringsrutinar.

       Komiteen er tilfreds med at Utanriksdepartementet har teke Riksrevisjonen sine merknader til følge og at det er utarbeidd nye retningsliner og instruksar andsynes bistandsmottakarane.

       Komiteen vil likevel peika på at forbetringar av avtaleverket ikkje berre må gjelda nye tiltak, men også i så stor grad som mogeleg for tiltak som ennå ikkje er avslutta.