Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om pensjonar frå statskassa.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 187 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 49 (1995-96)
  • Dato: 09.05.1996
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen

1. Samandrag

       Departementet legg med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

       Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 1995 var på kr 84.320.584. Det er løyvd kr 56.970.000 på kap. 1541 post 01 (tidlegare kap. 1530), Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 1996.

       Departementet nemner tre saker særskild:

Mannskapet på R/V Lance

       Forskingsfartyet R/V Lance blei 1. november 1994 ført over frå Norges Sjøkartverk til Norsk Polarinstitutt.

       Nokre av mannskapet på R/V Lance har sidan 1981 tent opp pensjonsrettar i Statens Pensjonskasse. I tillegg har nokon før 1981 tent opp rettar i Pensjonstrygden for sjømenn. Då mannskapet blei tilsett i TFDS blei dei på same tid melde ut av Statens Pensjonskasse og inn att i Pensjonstrygden for sjømenn. Dei som gjekk ut av Pensjonskassa fekk ein oppsett pensjonsrett frå Statens Pensjonskasse. Denne retten tek først til å gjelde frå fylde 67 år, når dei får folketrygd. Aldersgrensa for dei som arbeider på eit kystvaktfarty er 60 år, noko som fører til at tenesta i Sjøkartverket ikkje tel med når sjømannstrygda mellom 60 og 67 år skal reknast ut. Mannskapet, som følgjer båten, får såleis sine opparbeidde pensjonsrettar frå Statens Pensjonskasse seinare enn dei sluttar i stillinga.

       Administrasjonsdepartementet tilrår difor at mannskapet på R/V Lance får pensjon frå statskassa frå månaden etter dei fyller 60 år og inntil dei får rett til alderspensjon frå Statens Pensjonskasse. Pensjonen skal vere lik den pensjonen dei ville ha rett til frå folketrygda dersom dei hadde gjort tenesta fram til 67 år. Pensjonen frå statskassa vil bli samordna med andre pensjons- og trygdeytingar.

B.E.R.

       B.E.R gifta seg i 1957 med C.F.L. Dei ble skilde 26 år seinare, i 1983. C.F.L døydde i 1995. Ho gifta seg om att 25. juni 1988 med R.R. Han døydde seks dagar seinare.

       B.E.R har ikkje rett til enkjepensjon etter nokon av ektefellane. Retten til enkjepensjon etter hennar første ektemann fall bort då ho gifta seg om att.

       B.E.R sin andre ektemann har ikkje vore medlem i Statens Pensjonskasse. Ho fyller heller ikkje vilkåra for rett til enkjepensjon frå folketrygdlova etter nokon av mennene.

       B.E.R søkjer om pensjon frå statskassa etter første ektemann.

       Trass i dei innvendingane som er nemnde, vil Administrasjonsdepartementet likevel tilrå at B.E.R får pensjon frå statskassa. Avgjerande for departementet har vore saka sin heilt spesielle natur, at ekteskap nr. to blei inngått for å oppfylle ektemann nr. to sin siste vilje. B.E.R visste at ekteskapet ville bli særs kort, då det berre var eit spørsmål om dagar før ektemann nr. to ville falle frå. Etter departementet si meining veg desse forholda så tungt og er så spesielle at vi meiner det ville vere rimeleg å gje ein pensjon frå statskassa i eit slikt tilfelle. Rett nok har vi vore i stor tvil. Vi har difor enno ikkje gitt B.E.R nokon pensjon frå statskassa, men ber Stortinget ta den endelege avgjerda i saka.

P.D

       P.D har søkt Administrasjonsdepartementet om pensjon frå statskassa for sin teneste i åra 1961-64, då han var tilsett i Fiskerinæringens Forsøksfond som prosjektleiar for Arbeidsutvalet for utvikling av pelagisk einbåtstrål (APE-utvalet).

       Fiskeridepartementet spurde i brev dagsett 22. november 1993 til Administrasjonsdepartementet om P.D sine opptente rettar i Statens Pensjonskasse for åra 1961-64.

       I Administrasjonsdepartementet sitt svarbrev til Fiskeridepartementet av 22. november 1993 konkluderte ein med at då P.D var tilsett i Fiskerinæringens Forsøksfond var han ikkje å rekne for statstenestemann. For å vere medlem av Statens Pensjonskasse måtte ein i nemnte periode vere tilsett i innlemma stilling.

       Stillinga til P.D er heller ikkje nemnt i dei stortingsproposisjonane om innlemming av nye stillingar i Statens Pensjonskasse som blei fremma i perioden.

       Fiskeridepartementet reiste vidare spørsmål om P.D kunne få ein form for « oppsatt pensjon » for åra 1961-64. Hvis P.D hadde vore tilsett i staten, kunne ein ha vurdert å gje ein pensjon frå statskassa.

       I ein stundom særs omfattande korrespondanse med P.D har Administrasjonsdepartementet halde fast ved si meining. P.D klaga saka inn for Stortingets sivilombudsmann for forvaltningen. I svaret frå Sivilombudsmannen til P.D, med kopi til Administrasjonsdepartementet, heiter det mellom anna:

       « Slik saken er opplyst kan jeg ikke se at det er rettslig grunnlag for å kritisere Administrasjonsdepartementets avgjørelse. Det departementet har uttalt, gir ikke grunn til særlige tilføyelser fra min side. »

       Administrasjonsdepartementet meiner at P.D si teneste som tilsett i Fiskerinæringens Forsøksfond i åra 1961-64 ikkje kan gje grunnlag for pensjon frå statskassa.

2. Komiteen si tilråding

    Komiteen er enig i departementets tilrådinger, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Mellombels pensjonar frå statskassa løyves i samsvar med det framlagde forslag i St.prp. nr. 49 (1995-1996).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 9. mai 1996.

Grethe G Fossum, Karin Lian, Eli Sollied Øveraas,
leder. ordfører. sekretær.