4. Komiteens tilråding

      Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

       Gjeldande vedtak om Husbankens rente- og avdragsvilkår, sist endra 14. desember 1995, vert erstatta med følgjande vedtak:

1. Rentevilkår

1.1 Ordinære vilkår

       Husbanken kan tilby lån med fast og flytande rente. Den flytande renta vert fastsett på bakgrunn av gjennomsnittleg rente på kortsiktige statspapir over ein gitt observasjonsperiode før kvar rentejustering. Den faste renta vert fastsett på bakgrunn av renta på statsobligasjonar med ei gjenståande løpetid som omlag svarar til bindingstida på lånet. I både tilfelle skal det leggjast til ein margin på 0,5 prosentpoeng.

       Kommunal- og arbeidsdepartementet får fullmakt til å fastsetje nærare retningsliner for val av statspapir, observasjonsperiode, rentejusteringar og tilbod om fastrentelån.

1.2 Spesielle vilkår

       Utleigelån med tilsegn til og med 31. desember 1993 skal ha 10 års rentefritak frå utbetaling av lånet. Låna følgjer så rentevilkåra i punkt 1.1.

       Lån med tilsegn frå før 1996 gitt med særvilkår, skal følgje den renteopptrapping som opprinneleg vart fastsett inntil dei når den til kvar tid gjeldande lågaste rente i Husbanken med fråtrekk av 1 prosentpoeng. Lånet følgjer så rentevilkåra omtalt i punkt 1.1 med fråtrekk av ein permanent rentefordel på 1 prosentpoeng.

       Utbetringslån på sosialt grunnlag til eldre og funksjonshemma med tilsegn i perioda 1969-75, følgjer rentevilkåra omtalt i punkt 1.1 med fråtrekk av ei permanent rentefordel på 1 prosentpoeng.

2. Avdragsvilkår

       Avdrag vert betalt som annuitetslån, serielån eller ein annan fast avdragsplan som vert fastsett av Husbanken. Husbanken får fullmakt til å fastsetje nærare vilkår, her medrekna eventuell avdragsfri periode og nedbetalingstid innafor ei samla løpetid på inntil 30 år.

       For lån med tilsegn før 1996 skal avdragsvilkåra i regelen følgje den avdragsplan som gjeld pr. 30. juni 1996. Løpetida kan i regelen ikkje aukast utover gjeldande løpetid.

3. Andre vedtak

3.1

       Renter og avdrag skal betalast i kvartalsvise terminar. Husbanken kan tilby hyppigare terminforfall. Kommunar og borettslag tilknytta sikringsordningar mot husleigetap, kan få tilbod om halvårlege terminar. Ved misleghald av lån får Husbanken høve til å påleggje låntakar månedlege termininnbetalingar.

3.2.

       Renta skal betalast etterskotsvis.

3.3.

       Kommunal- og arbeidsdepartementet kan gje utfyllande regler og fastsetje mindre avvik frå rente- og avdragsvilkåra. Departementet kan delegere til Husbanken å gjere avvik frå utlånsvilkåra i individuelle tilfelle.

3.4.

       Ved mellombels og kortvarige betalingsvanskar kan Husbanken innvilge utsetjing med betaling av renter og avdrag.

       Avdrag kan leggjast til slutten av løpetida på lånet.

       Personlege låntakarar kan ved mellombels svikt i inntekt gjere om renter for inntil 2,5 år til tilleggslån. Renta og avdragssatsen for tilleggslånet er dei same som for hovudlånet. Ved utsetjing av rente- og avdragsinnbetalingar skal lånet inklusive eventuelle tilleggsslån vere tilstrekkeleg sikra.

       I særlege tilfelle kan kravet om tilstrekkeleg pantesikring vika.

4. Iverksetjing

       Dette vedtak gjeld frå 1. juli 1996.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 23. mai 1996.

Roger Gudmundseth, Anneliese Dørum, Ola T. Lånke,
leder. ordfører. sekretær.