1. Sammendrag

       Meldinga frå Utanriksdepartementet tar for seg verksemda til Sjøfartsdirektoratet i 1994 og 1995. Rapport frå direktoratet for desse åra fylgjer som trykt vedlegg til meldinga.

       Det går fram av meldinga at Regjeringa ynskjer at Noreg framleis skal ha ein leiande stilling internasjonalt som maritim nasjon. Verksemda til Sjøfartsdirektoratet er grunnleggjande for at Noreg skal halda oppe sitt omdøme som ein truverdig flaggstatnasjon, og for å sjå til at utanlandske farty som kjem til Noreg fylgjer internasjonale standardar.

       Ifølgje meldinga vart forsking og utviklingsarbeid for tryggleiken for roro-ferjer og andre passasjerskip gjeve høg prioritet i 1994 og 1995.

       Det går fram av meldinga at det var 5.146 kontrollpliktige farty i NOR-flåten den 1. januar 1994. Talet hadde minka til 5.081 farty 31. desember 1995. Den 1. januar 1994 var NIS-flåten på 790 skip på til saman 33,3 mill. dwt., og den 31. desember 1995 var flåten redusert til 704 farty på til saman 30,0 mill. dwt.

       Om lag 32.000 personar var sysselsette i Noregs handelsflåte mot slutten av 1994. Av dei var om lag 50 % nordmenn. I NIS-flåten utgjorde nordmenn om lag 19 % av dei tilsette.

       Ifølgje meldinga hadde etaten 342 heimlar for personalet i desember 1995: 221 i direktoratet og 121 i Skipskontrollen.