1. Samandrag

       I proposisjonen vert det gjort framlegg om å omdisponere 211,4 mill. kroner på budsjettet for utviklingshjelp i 1996 for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret. Forslaga har i hovudsak samanheng med at framdrifta for enkelte prosjekt og program av ulike årsaker er blitt forseinka, eller at planar og rammevilkår elles er endra.

       Mesteparten av dei omdisponerte midlane vert foreslått nytta til tiltak i Afrika, til tiltak gjennom multilaterale organisasjonar og til gjeldslettetiltak. Dessutan vert det foreslått omdisponert til fredsprosessen i Guatemala og til eit nytt investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland.

       Det vert opplyst at det er 8.987 mill. kroner til disposisjon til utviklingshjelp i 1996. Ordinær løyving for 1996 (S. III) utgjer 8.572 mill. kroner. I tillegg er det overført 415 mill. kroner i ubrukte løyvingar frå 1995.