1. Samandrag

       Stortingsrepresentantane Hallgrim Berg, Anders C Sjaastad og Kristin Krohn Devold har den 1. november 1996 sett fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen om så snart som mulig å legge frem nødvendige forslag for å få kontroll med kriminaliteten i deler av MC-miljøet. »

       I grunngjevinga for framlegget vert det vist til at det den seinare tida har vore alvorlege konfliktar mellom grupperingar i det organiserte MC-miljøet. Det vert òg vist til at Danmark i haust vedtok ei lov som opna for å nekta MC-bandar tilhald i tettbygde strøk. Forslagsstillarane meiner det er viktig å få fortgang i arbeidet med naudsynte mottiltak for å få MC-krigen i Noreg under kontroll. Hensikten med framlegget er ikkje generelt å ramma organisert MC-verksemd, men å bekjempa den alvorlege kriminelle verksemda som eksisterer i visse delar av desse miljøa.