2. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Ragnhild Barland, Aud Blattmann, Johan M Nyland, Ola Røtvei, Magnar Sætre og Solveig Torsvik, frå Senterpartiet, leiaren Magnus Stangeland, Johanne Gaup og Terje Sandkjær, frå Høyre, Ole Johs Brunæs, Oddvard Nilsen og Thorhild Widvey, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Myrvoll og frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad, har merka seg at vi i Noreg i dag har totalt 110 fyr, og at 31 av desse er bemanna, og at i tillegg til fyr har slike hjelpemiddel for navigasjon: 4.060 lykter, 13.480 faste og 2.065 flytande merker. Komiteen har vidare merka seg at avbemanninga på fyra våre har skjedd over ein periode på 20 år.

       Komiteen vil peike på at den framlagde meldinga med vurdering av den gjennomførde nedlegginga av vakthaldet på fyr, byggjer på ein uavhengig rapport som er laga av Innovasjonsmiljø A/S.

       Komiteen har merka seg at denne rapporten har vore sendt ut på brei høring og at mange at dei høringsinstansane som har kome med merknader til rapporten, legg vekt på den store tryggleiksfaktoren som fyrstasjonane er.

       Komiteen ser det som viktig å ta utgangspunkt i tryggleik for sjøfart og nærmiljø når ein skal vurdere betydninga av nedlegging av vakthald på fyr. Det er her viktig å sjå på omgrepet tryggleik meir utvida enn berre om ei fyrlykt lyser eller ikkje.

       Komiteen vil peike på at fyrbetjeninga si viktigaste oppgåve er å sjå til at fyra lyser. Komiteen har merka seg at tilgangen av fyrsignal på betjente fyr er på 99,95 % og 99,6 på ubetjente fyr. Dette kan sjå ut til å vere særs små skilnader. Trass i reduksjonen på fyr i perioden 1990-94, er tilgjenge til lys betre i 1994 enn i 1990.

       Komiteen vil likevel peike på at det her er viktig å sjå på kva det kan føre til, når det er fyr som ikkje lyser. Eit ubemanna fyr som sloknar når det er uver, kan ofte ikkje rettast opp før veret er betre. Det er eit mål for Kystverket at ingen ubemanna fyr skal vere sløkt i meir enn I døgn. Manglande tilgang på lyssignal kan føre til vanskelege situasjonar.

       Komiteen vil understreke at for å oppnå sikker drift av fyra, vil ein vere avhengig av godt vedlikehald. Manglande vedlikehald kan skade til dømes elektrisk utstyr. Komiteen har merka seg at Regjeringa vil kome tilbake til dei økonomiske rammene for vedlikehald i meldinga til Stortinget om hamner og kystforvaltning. Komiteen vil peike på at ein bemanna fyrstasjon gir auka tryggleik både for kysttrafikken og for yrkesfiskarane ved at ein m.a. kan ringe til fyrstasjonen og få sjekka vind og vertilhøve. Komiteen er kjend med at det er mange førespurnader om vertilhøva til dei bemanna fyrstasjonane.

       Komiteen vil peike på at bemanninga på fyra i tillegg til å ivareta fyrmessige oppgåver, òg ivaretek mange tilleggsoppgåver både for Kystverket og for andre.

       Komiteen vil vidare peike på at fyrbemanninga òg tek hand om mange andre oppgåver slik som meteorologiske verobservasjonar, klimamåling, kontaktledd for sjøredningstenesta, oppgåver for miljøvernmyndigheitene og Forsvaret, observasjon for politi og tollvesen.

       Komiteen har merka seg at dei verobservasjonane som i dag vert tekne på bemanna fyrstasjonar ofte er visuelle, som m.a. måling av bølgjehøgde, retning på bølgerørsla, høgda på skylag m.v. Ved rapportering om nødrakettar vil politiet kontakte fyra for å undersøke om noko er å sjå frå fyret. Ved leiteaksjonar over større område vil fyrbetjeninga bidra med observasjonar. For miljøvernmyndigheitene bidrar fyrbetjeninga med m.a. oppsyn med freda areal, vedlikehald av verneverdige bygningar og meldingar om oljeforureiningar. Komiteen viser til høringsfråsegn frå Utanriksdepartementet der det går fram at fyrbetjeninga var første observatør ved uhella med Arisan og Murmansk.

       Komiteen har vidare merka seg at fyrbetjeninga samarbeider med Forsvaret, politiet og tollvesenet ved at dei observerer båttrafikken og kan bidra med opplysningar. Dei har og særs god lokalkunnskap.

       Komiteen har merka seg at rapporten peiker på nye oppgåver som fyrbetjeninga kan ta seg av både innafor og utafor Kystverket sitt ansvarsområde. Komiteen vil peike på at det er viktig at Regjeringa har ei offensiv haldning og søkjer å sjå etter kva samarbeidsmoglegheiter som kan finnast. Komiteen har merka seg at det i rapporten m.a. vert peika på at Kystverket aktivt bør tilby sine tenester til fylkesmannen si miljøvernavdeling. Nye oppgåver må vurderast opp mot oppgåver i dag.

       Komiteen er samd med departementet i at ved utviding av ansvarsområde til fyrtenestemennene, må Fiskeridepartementet få tilført rammeoverføring frå dei departement dette vedkjem.

       Komiteen har merka seg arbeidet med planar for systematisk avhending av eigedommar og materiell som Kystverket ikkje lenger treng til eige bruk, medrekna fyrstasjonar utan vakt.

       Komiteen har merka seg at økonomien innan Kystverket er særs stram, og at det difor vert lagd vekt på auka effektivitet.

       Komiteen vil peike på at det er viktig å sikre at avbemanna fyr vert tilgjengelege for allmennheita. Komiteen ser det som positivt at avbemanna fyr vert tekne i bruk som kystkultursenter, museum og overnattingsstad.

       Komiteen har merka seg gjeldande regelverk for avhending av eigedom. Komiteen ber om at departementet kjem tilbake til Stortinget dersom gjeldande regelverk gjer det vanskeleg å avhende eigedommar som i dag ikkje er i bruk.

       Komiteen ser det som særs positivt at Riksantikvaren arbeider med ein nasjonal verneplan for fyrstasjonar og at ein gjennom denne vil ivareta m.a. vedlikehald av avbemanna stasjonar. Komiteen har merka seg at Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med nærare opplysningar om kva for økonomiske midlar som er nødvendig for å gjennomføre verneplanen.

       Komiteen har vidare merka seg at Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppretting av nasjonalt fyrmuseum på Lindesnes i statsbudsjettet for 1998.

       Komiteen meiner at meldinga ikkje i tilstrekkeleg grad set fokus på om vaktnedlegginga på fyrstasjonar som er gjennomført har påverka tryggleiken på sjøen.

       Komiteen viser til at Regjeringa vil vurdere på nytt om det er dei rette fyra som er bemanna. Komiteen sluttar seg til ei slik vurdering.

       Komiteen ber i samband med dette om at rebemanning av Bjørnsund, Folda, Vestfjorden, Skomvær, Kjølnes og Vardø fyr vert utgreidd spesielt, og viser til at mange høringsinstansar har gått inn for rebemanning.

       Komiteen ber vidare om at ei eiga sak om dette vert fremma for Stortinget så snart dette er mogleg.

       Komiteen vil òg vise til at det er store manglar innafor vedlikehald av stakar og merker, og at ei betre utnytting av fyrbetjeninga til dette arbeidet kan betre tryggleiken langs kysten.

       Komiteen viser til møte i komiteen med Fiskeridepartementet og Kystverket der det kom fram at det er eit arbeid i gang i 2. distrikt, og at dette gir god utnytting av økonomiske investeringar og av personell.