8. Samanfatning av endringsbehov som kan krevje justering av plan- og bygningslova

       Det er i meldinga lagt til grunn at plan- og bygningslova i hovudsak fungerer etter føremålet, og departementet syner til at det ikkje er grunnlag for å endre på lova sin hovudstruktur eller dei grunnleggjande prinsippa i hovudtrekk. Regjeringa finn det likevel riktig med ein gjennomgang av lovverket, og vil difor nedsetje eit breitt samansett utval for å få ein samla gjennomgang av planleggingsføresegnene i plan- og bygningslova og andre lover etter dei retningslinene som er trekte opp i denne meldinga. Siktemålet med gjennomgangen skal vere å klårleggje om lova gjennom endringar kan bli eit enda betre reiskap for å ta vare på viktige samfunnsinteresser. Det skal vere eit mål at planlegginga etter lova skal kunne skje på ein rask og smidig måte, samstundes som nye behov vert fanga opp, som t.d. å ta vare på biologisk mangfald. Det vert òg synt til at utfordringane for planlegging i sjø ikkje er dei same som for planlegging på land, og det er mindre aktuelt å vurdere endringar i plan- og bygningslova ut frå omsynet til å ta vare på marint biologisk mangfald.

       Det er i meldinga gjeve korte oppsummeringar for dei mest sentrale endringsbehova departementet ser ved ein samla gjennomgang av planleggingsføresegnene i plan- og bygningslova og andre lover. Det vert synt til at dei økonomiske og administrative konsekvensane av ein slik lovgjennomgang vil bli tekne opp i samband med det konkrete framlegget til mandat for lovarbeidet.

Komiteen sine merknader

       Komiteen er samd i at plan- og bygningslova i hovudsak fungerer i samsvar med føremålet, og vil vurdere moglege framlegg om justeringar når desse vert fremja.

       Komiteen stør likevel at det vert sett ned eit utval for å ta ein gjennomgang av lova etter dei retningslinene som er trekt opp m.a. for å føre vidare arbeidet med samordning av lovverket, og vil vurdere moglege framlegg om justeringar når desse vert fremja.

       Komiteen viser elles til sine merknader i kapitla framanfor.