Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Uganda, underskriven i Kampala den 7. september 1999

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Den 7. september 1999 blei det i Kampala underskrive ein avtale med formål å hindre dobbel skattlegging og å førebyggje unndraging av skattar av inntekt mellom Noreg og Uganda. Samtykke til underskriving blei gitt i kongeleg resolusjon av 18. juni 1999. Avtalen blei på vegner av Noreg underskriven av Chargé d"Affaires Britt Hilde Kjølås, og på vegner av Uganda av finansminister Gerald Ssendaula.

Avtalen vil tre i kraft på den dagen da den siste melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtalen kan tre i kraft er teke i mot. Avtalen vil få verknad for skattar av inntekt som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtalen trer i kraft.

Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtalar som er utarbeida av OECD. På grunn av skilnadene mellom økonomiane i Noreg og Uganda, er det på nokre punkt også teke omsyn til det mønsterutkastet som er utarbeidd i FN for skatteavtalar mellom industrialiserte land og utviklingsland. Avtalen inneheld likevel nokre avvik frå desse mønsteravtalane. Mellom anna har avtalen reglar om hjelp til innkrevjing.

Avtalen er inngått på engelsk.

Komiteens tilråding

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til å sette i kraft en skatteavtale mellom Norge og Uganda, underskrevet i Kampala den 7. september 1999, i samsvar med forslag fremlagt i St.prp. nr. 22 (1999-2000).

Oslo, i finanskomiteen, den 2. desember 1999

Lars Gunnar Lie

leder

Kjellaug Nakkim

ordfører

Siv Jensen

sekretær