Innstilling fra næringskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 39/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XIII (transport) til EØS-avtala

Til Stortinget

Sammendrag

Ved EØS-komitéavgjerd nr. 39/1999 av 26. mars 1999 vart rådsdirektiv 98/25/EF om endring av rådsdirektiv 95/21/EF om håndheving av internasjonale standarder for sikkerhet, hindring av forurensning og leve- og arbeidsvilkår om bord på skip som anløper havner i Fellesskapet, og som seiler i farvann under medlemsstatenes jurisdiksjon (havnestatskontroll) teke inn i EØS-avtala. Rettsakta vil gå inn i vedlegg XIII til EØS-avtala. Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda til EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre ledd i Grunnlova og artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Rådsdirektiv 95/21/EF vart vedteke for å redusere og/eller fjerne skip som ikkje held mål, frå hamner og farvatn i Fellesskapet. Direktiv 95/21/EF og 98/25/EF har som følgje at skip skal nektast tilgang til ei anna EU-hamn dersom skipet ikkje går til det reparasjonsverftet som er oppgjeve, eller "stikk av". Den hamna som har utført hamnestatskontrollen, skal gjennom eit felles meldingssystem gje melding til andre EU-hamner om tilgangsforbodet.

Rådsdirektiva opnar likevel for at kyststaten i spesielle tilfelle kan tillate tilgang til ei utpeikt hamn, når tilgangsforbodet medfører fare for tryggleiken til skipet eller det marine miljøet, eller når utbetringar kan finne stad etter nærmare avtale med kyststaten. Føremålet med ei samordna nekting av tilgang er å hindre at eigaren eller reiaren spekulerer i kvaliteten på kontrollen i EU-hamner, og/eller at hamnestyresmaktene ikkje har kapasitet til å halde skip tilbake.

For Noreg medfører innlemminga av rådsdirektiv 98/25/EF i EØS-avtala at det må gjerast visse endringar i Sjødyktighetslova. Avgjerda om å innlemme direktivet i vedlegg XIII til EØS-avtala vart derfor teken med atterhald for Stortingets samtykke til godkjenning av avgjerda. Nærings- og handelsdepartementet har lagt fram ein eigen proposisjon om dei lovendringane som er naudsynte som følgje av avgjerda til EØS-komiteen.

Saka har vore send på høyring til dei organisasjonane og departementa som ho kjem ved, og desse stiller seg positive til lovframlegget. Gjennomføringa av direktivet vil ikkje få vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Nærings- og handelsdepartementet tilrår at avgjerda til EØS-komiteen om å ta direktivet inn i EØS-avtala vert godkjend. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Uttalelse fra utenrikskomiteen

Komiteen viser til at utkast til innstilling 7. desember 1999 ble oversendt utenrikskomiteen. Utenrikskomiteen har 8. desember 1999 i brev til komiteen avgitt følgende uttalelse:

«Under henvisning til næringskomiteens brev av 7. desember 1999 meddeles herved at utenrikskomiteen ikke har merknader til nevnte utkast til innstilling.»

Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen, har for øvrig ingen merknader og råder Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 39/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XIII (transport) til EØS-avtala.

Oslo, i næringskomiteen, den 9. desember 1999

Morten Lund

leder

Ansgar Gabrielsen

ordfører

Kjell Opseth

sekretær