Matvarehjelpkonvensjonen og Kornhandelkonvensjonen
utgjer til saman Den internasjonale kornavtalen. Noreg har i lang
tid vore part i desse konvensjonane, som vert fornya med jamne mellomrom.
Stortinget samtykte einstemmig i ratifikasjon av Den internasjonale
kornavtalen av 1995, jf. Innst. S. nr. 208 (1995-1996). Begge konvensjonane
har seinare vorte forlengde til 30. juni 1999. Noreg slutta seg
til ei slik administrativ forlenging.
Kornhandelkonvensjonen av 1995 har med heimel
i art. 33 deretter vorte forlengd med to år frå 1.
juli 1999, utan at det er gjort endringar i han. Noreg har slutta
seg til forlenginga.
Matvarehjelpkonvensjonen av 1995 vart den 1.
juli 1999 erstatta av Matvarehjelpkonvensjonen av 1999. Den nye
konvensjonen gjeld til og med 30. juni 2002 og kan forlengjast.
Noreg skreiv under konvensjonen den 30. juni
1999 i samsvar med kgl. res. av 25. juni 1999. Samstundes vart det
levert ei fråsegn til FN-sekretariatet, som er depositar
for konvensjonen, om mellombels bruk av konvensjonen. Sidan norsk
ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen 1999 vil føre
med seg framtidige økonomiske forpliktingar for Noreg,
ber ein om Stortinget sitt samtykke til ratifikasjon, jf. Grunnlova § 26 andre
ledd.
Desse bistandsgjevarane utgjer medlemmene i
Matvarehjelpkonvensjonen av 1999: Argentina, Australia, Canada,
Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane, Japan, Noreg, Sveits
og USA.
Føremålet med Matvarehjelpkonvensjonen
er å medverke til den globale matvaretryggleiken og å forbetre verdssamfunnet
si evne til å dekkje matvarebehova i utviklingsland. Matvarehjelpkonvensjonen
sikrar eit minstenivå av matvarehjelp.
Meldinga framhevar at det er gjort fleire endringar
i 1999-konvensjonen som mellom anna tek sikte på å auke
matvaretryggleiken i dei fattigaste utviklingslanda. Det er til
dømes teke inn ein klausul som avgrensar delen av matvarehjelpbidraget
som kan vere basert på lån til gunstige vilkår,
og det har vorte sterkare innretting mot å gje matvarehjelpa
til dei fattigaste landa. Lista over produkt ein kan gje, har vorte
utvida og omfattar no fleire basismatvarer enn dei som ein kunne gje
før. Det er vidare opna for at bidraga kan reknast ut i
både volum og verdi, mot tidlegare berre i volum. Ein kan òg
rekne inn transportkostnader og andre kostnader i samband med å få fram
matvarehjelpa som ein monaleg del av bidraga.
Hjelpa kan verte gjeve både bilateralt
og multilateralt, og som basismatvarer eller kontantar. Kontantbidrag
skal, så langt det er råd, brukast til å kjøpe
inn matvarer i utviklingsland. Heile Noregs bidrag vert gjeve som
kontantbidrag til Verdas matvareprogram for kjøp av varer
i utviklingsland. Det er frå norsk side gjort framlegg
om å auke den norske forpliktinga frå 20 000 til
30 000 tonn kveiteekvivalentar årleg, som òg var
forpliktinga i tidlegare konvensjonar. Reduksjonen til 20 000 tonn
i 1995-konvensjonen kom mellom anna pga. misnøye med manglande
fattigdomsinnretting i konvensjonen. Sidan den nye konvensjonen
har fått ein betre fattigdomsprofil, finn Regjeringa det
rett å gå attende til den tidlegare forpliktinga.
Det er ein føresetnad at kostnadene ved norsk tilslutning
til konvensjonen vert dekte innanfor den til kvar tid gjeldande bistandsramma.
Konvensjonen fastset at kontantbidrag skal reknast
ut etter prisen på kveite på verdsmarknaden. Denne
prisen vert justert årleg. Noreg følgjer konvensjonen
si oppmoding om å betale transportkostnader og andre kostnader
i samband med bruken av bidraget. Det er etter meldinga uråd å fastsetje
den eksakte storleiken på desse kostnadene sidan dei vil
variere frå år til år mellom anna pga.
endringar i referanseprisen for kveite og valutatilhøve,
men dei vil som regel utgjere eit tillegg til sjølve varebidraget
på om lag 70-80 pst. Med ei forplikting på 30
000 tonn kveiteekvivalenter vil det norske bidraget for kveiteåret
1999/2000 verte om lag 60 mill. kroner. Dette utgjer ein
auke på om lag 15 mill. kroner frå forpliktinga
i 1995-konvensjonen. Bidraget for år 2000 er innarbeidd
i framlegget til statsbudsjett som ein del av bidraget til Verdas
matvareprogram.
Matvarehjelpkonvensjonen gjer det lettare for
utviklingslanda å vite kva slags matvarehjelpleveringar
dei har i vente. Konvensjonen medverker til styrkt matvaretryggleik
for utsette grupper i fattige land. Ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen
av 1999 vert difor vurdert å vere i tråd med norsk
bistandspolitikk. Det er òg viktig at ein frå norsk
side stør opp om ei viktig avtale som òg forpliktar
andre gjevarland.
Komiteen har ingen
merknader, viser til proposisjonen og til det som står
foran, og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til ratifikasjon av
Matvarehjelpkonvensjonen av 1. juli 1999, i samsvar med eit forslag
framlagt i St.prp. nr. 33 (1999-2000).
Oslo, i utenrikskomiteen, den 20. januar 2000
Haakon Blankenborg
leder |
Elsa Skarbøvik
ordfører |
Einar Steensnæs
sekretær |