Innstilling frå samferdselskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 150/1999 av 5. november 1999 om endring av vedlegg XIII (transport) til EØS-avtala

Til Stortinget

Samandrag

Ved EØS-komitéavgjerd nr. 150/1999 av 5. november 1999 blei rådsforordning (EF) nr. 925/1999 innlemma i EØS-avtala.

Rådsforordninga har nemninga: "registrering og bruk i Fellesskapet av visse typer sivile subsoniske jetfly som er blitt ombygd og omsertifisert for å oppfylle standardene i del II kapittel 3 i bind 1 av vedlegg 16 til konvensjonen om internasjonal sivil luftfart, 3. utgave (juli 1993).»

Rådsforordninga er teken inn i vedlegg XIII (transport) til EØS-avtala.

Europakommisjonen starta å gi lover om støy frå fly for nærare 20 år sidan. Føremålet med rådsforordninga er å hindre at den totale støybelastninga frå støyombygde fly blir forverra i framtida.

Regelverket blir rekna som eit vernetiltak for å hindre forverring av støynivået rundt lufthamnene i Fellesskapet og for å redusere drivstofforbruket og ureine utslepp.

Eldre flytypar som er bygde om for å nå eit betre nivå med omsyn til støysertifisering, har eit vesentleg høgare støynivå enn moderne flytypar med same masse som opprinneleg er sertifiserte for å stette standardane i del II kapittel 3 i bind 1 av vedlegg 16 til konvensjonen om internasjonal sivil luftfart, 3. utgave (juli 1993).

Rådsforordninga innfører eit forbod mot å føye til desse eldre, støyombygde flytypane i medlemsstatane sine registre frå den datoen då denne forordninga blir teken i bruk. Forordninga fastset òg eit bruksforbod med overgangsperiodar, føresegner for omsertifiserte sivile subsoniske fly som er registrerte i ein tredjestat og reglar for mellombels unntak for sivile subsoniske fly. Dette vil det bli gjort nærare greie for i odelstingsproposisjonen som skal gjennomføre avgjerda.

USA har reagert negativt på rådsforordninga med tilvising til uheldige konsekvensar for handelen med omsertifiserte fly.

Avgjerda til EØS-komiteen blei teken med atterhald om Stortinget si godkjenning ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det nødvendig med ei lovendring. Samferdselsdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med dei nødvendige lovendringane som vil gi den nødvendige heimelen til å krevje luft- og miljødugleiksbevis som grunnlag for registrering. Ein reknar ikkje med at forordninga vil få vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar.

Utkast til innstilling har vore lagd fram for utanrikskomiteen, som ikkje har merknader til saka.

Komiteen si tilråding

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 150/1999 av 5. november 1999 om endring av vedlegg XIII (transport) til EØS-avtala.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 5. juni 2000

Oddvard Nilsen

leiar

Eirin Faldet

ordførar

May Britt Vihovde

sekretær