Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om pensjonar frå statskassa

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 228 (1999-2000)
  • Kildedok: St.prp. nr. 73 (1999-2000)
  • Dato: 08.06.2000
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 1

Til Stortinget

Samandrag

I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova, legg departementet i proposisjonen fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 1999 var på kr 13 811 000. Det er løyvd kr 14 000 000 på kap. 1541 post 01 Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 2000.

For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.

Departementet nemner to saker særskilt, jf. side 1-3 i proposisjonen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at det vert gjeve mellombels pensjonar frå statskassa i samsvar med framlagt forslag i St.prp. nr. 73 (1999-2000).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 8. juni 2000

Oddbjørg Ausdal Starrfelt

fung. leiar og sekretær

Shahbaz Tariq

ordførar