Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om pensjonar frå statskassa

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 231 (2000-2001)
  • Kildedok: St.prp. nr. 62 (2000-2001)
  • Dato: 10.05.2001
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 1

Til Stortinget

Samandrag

I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2000 var på kr 18 719 645. Det er løyvd kr 14 771 000 på kap. 1541, post 1, Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 2001.

For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.

Departementet nemner to saker særskilt, jf. s. 1-3 i proposisjonen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jon Olav Alstad, Frank Willy Larsen, Liv Marit Moland, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Shahbaz Tariq, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad og Ola T. Lånke, frå Framstegs­partiet, Per Roar Bredvold og Per Sandberg, frå Høgre, Trond Helleland, frå Senterpartiet, Anne Enger Lahnstein, og frå Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, og representanten Inger Stolt-Nielsen, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at det vert gjeve pensjonar frå statskassa i samsvar med framlagt forslag i St.prp. nr. 62 (2000-2001).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 10. mai 2001

May-Helen Molvær Grimstad

leiar

Ola T. Lånke

ordførar

Oddbjørg Ausdal Starrfelt

sekretær