4. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

  • 1. Stortinget går imot at lufthamnene Fagernes, Narvik og Vardø ikkje skal omfattast av systemet med anbodsruter frå 1. april 2003.

  • 2. Stortinget ber om at det i rulleringa av Nasjonal transportplan vert innarbeidd fylgjande:

    • a) ein grundig informasjon og ei vurdering av situasjonen på heile luftfartsområdet i Noreg,

    • b) ei vurdering av den einskilde flyplass ut frå totale samfunnsmessige omsyn,

    • c) ei særskilt vurdering av luftfarten si rolle i distrikta.

  • 3. Dersom Regjeringa vel å koma tilbake til Stortinget med forslag til strukturelle endringar i flyplasstrukturen, er det ein føresetnad at

    • a) avbøtande tiltak er på plass før eventuell nedlegging av ein flyplass dersom ikkje noko anna er akseptert i kommunar/område som er omfatta av slik nedlegging,

    • b) det vert lagt opp til ein tett dialog med involverte partar for å sikra løysingar alle kan leva med.