1. Samandrag

Det blir i proposisjonen fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2002 som følgje av dette.

Det blir gjort greie for drøftingane mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg. Drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet blei haldne 15. og 16. mai 2002. Møta førte ikkje fram til semje.

Under drøftingane la organisasjonane fram eit felles krav om justering av grunnbeløpet på 0,8 prosent for å dekke opp avviket mellom utviklinga i grunnbeløpet og årslønsveksta for alle grupper i 2001, og 6 prosent ut frå forventa lønsvekst frå 2001 til 2002, i alt 6,8 prosent frå 1. mai 2002. For å nå målet om O pensjon i 2007 kravde organisasjonane at grunnbeløpet blir auka med 2,5 prosent på pensjonsprosenten per år i tillegg til den årlege reguleringa.

Staten la under drøftingane fram eit forslag om å auke grunnbeløpet i folketrygda med 2 810 kroner frå 51 360 kroner til 54 170 kroner frå 1. mai 2002. Dette inneber ei auke i gjennomsnittleg grunnbeløp frå 2001 til 2002 på 5,2 prosent.

Partene konstaterte etter dette at det ikkje var grunnlag for å halde fram med drøftingane.

I Revidert nasjonalbudsjett 2002 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2001 til 2002 på om lag 5 prosent for alle grupper under eitt når det særskilde oppgjeret for skoleverket blir halde utanom. Etter Regjeringa sitt syn vil forslaget om å auke det gjennomsnittlege grunnbeløp frå 2001 til 2002 med 5,2 prosent tilfredstille Stortingets vedtak om at grunnbeløpet regulerast minst på linje med løns- og prisutviklinga for øvrig i samfunnet.

Meirutgiftene ved forslaget om ein auke i grunnbeløpet på 2 810 kroner frå 1 mai 2002 blir på om lag 4 887 mill. kroner i 2002, inkludert reguleringa av statspensjonane per 1. mai 2002.

Tabellen nedanfor viser utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.

Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 01.01.90-30.04.03. Kroner.

Minstepensjon

Unge uføre fødde før 1941

Einslege

Ektepar

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

1.01.90-30.04.90

51 839

4 320

83 972

6 998

56 748

4 729

1.05.90-30.11.90

54 220

4 518

87 960

7 330

58 980

4 915

1.12.90-30.04.91

54 378

4 532

88 217

7 351

65 2901

5 4411

1.05.91-30.04.92

56 978

4 748

92 158

7 680

75 6882

6 3072

1.05.92-30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

85 7753

7 1483

1.05.93-31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

87 6484

7 3044

1.01.94-30.04.94

59 868

4 989

101 0885

8 4245

87 6484

7 3044

1.05.94-31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

89 4844

7 4574

1.01.95-30.04.956

61 512

5 126

103 992

8 666

89 4844

7 4574

1.05.95-30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

92 184

7 682

1.05.96-30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

96 360

8 030

1.05.97-30.04.987

69 360

5 780

117 456

9 788

105 672

8 8018

1.05.98-30.04.999

81 360

6 780

140 040

11 670

112 752

9 396

1.05.99-30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

116 676

9 723

1.05.00-30.04.01

88 032

7 336

151 512

12 626

121 992

10 166

1.05.01-30.04.02

92 100

7 675

158 520

13 210

127 632

10 636

1.05.02-30.04.0310

97 140

8 095

167 208

13 934

134 616

11 218

1 Frå 1.1.1991

2 Frå 1.1.1992

3 Frå 1.1.1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa)

4 Fødde før 1943 (1.1.26-31.12.42)

5 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 01.01.94. Ny sats 2x60,5 prosent av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

6 Heving av særtilleggssatsen frå 01.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 prosent av grunnbeløpet.

7 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.97. Ordinær sats utgjer 63,2 prosent av grunnbeløpet (minstesats 57,5 prosent).

8 Auking av garantert poengtall frå 3 til 3,3.

9 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.98. Ordinær sats utgjer 79,33 prosent av grunnbeløpet, medan minstesats utgjer 74 prosent av grunnbeløpet.

10 Med atterhald om vedtak i Stortinget.

Kjelde:Rikstrygdeverket

Frå 2000 til 2001 auka grunnbeløpet og tilleggspensjonane og minstepensjonen for einslege og for ektepar med 4,6 prosent. Ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 2000 til 2001 på om lag 4,8 prosent for alle grupper under eitt.

I Revidert nasjonalbudsjett 2002 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2001 til 2002 på om lag 5 prosent for alle grupper under eitt når det særskilde oppgjeret for skoleverket blir halde utanom, og ein prisvekst på om lag 1,4 prosent.

Årsgjennomsnittet for grunnbeløpet og tilleggspensjonane i folketrygda vil som følgje av reguleringane i fjor og framlegget i proposisjonen auke med 5,2 prosent frå 2001 til 2002. Minstepensjonen vil auke med 5 040 kroner til 97 140 kroner for einslege og med 8 688 kroner til 167 208 kroner for ektepar per 1. mai 2002.

Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2002 i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Reguleringa har òg konsekvensar for krigspensjoneringa, og for 2002 blir det rekna med meirutgifter på 10 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 25 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjon blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 35 mill. kroner.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666) aukar med 22 mill. kroner, og at løyvinga til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664) aukar med 6 mill. kroner.

Det blir rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 224 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det blir derfor foreslått at løyvinga for 2002 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 70 Attføringspengar aukar med 224 mill. kroner.

Det blir i proposisjonen gjort greie for endringar i den sjablongutrekna levekostnadsfaktoren som blir nytta ved utrekning av attføringsstønad. Endra grunnbeløp og justering av levekostnadsfaktoren reknar ein med isolert sett vil medføre eit meirbehov på om lag 10 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 2002. På bakgrunn av dette blir løyvinga for 2002 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 71 Attføringsstønad foreslått auka med 10 mill. kroner.