I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2002.

1.1 Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900)

I samband med avviklinga av spesialrådgiverstilling i Geneve har Nærings- og handelsdepartementet fått tilbakeført 2 mill. kroner frå Utanriksdepartementet i statsbudsjettframlegget for 2003 og samstundes fått auka driftsutgifter etter tilbakeføringa i 2002. Ein gjer framlegg om auke av løyvinga under kap. 900 post 1 med kr 667 000, frå kr 134 197 000 til kr 134 864 000.

1.2 Kap. 909 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

Løyvinga på 249,3 mill. kroner vart ikkje auka i samband med at støttesatsen for petroleumsfarty og brønnbåtar vart heva frå 7,5 til 9,3 pst. under budsjetthandsaminga i Stortinget. På den andre sida blir refusjonsutbetalingane noko mindre enn budsjettert på grunn av færre sjøfolk i dei aktuelle fartygruppene. Vidare er det lagt inn for lite midlar i refusjon etter gammal ordning for tilsette i ferjereiarlag i utanriksfart i NOR (Norsk Ordinært Skipsregister) for første halvår. Departementet gjer framlegg om at løyvinga til refusjon under kap. 909 post 70 aukast med 20 mill. kroner, frå 249,3 til 269,3 mill. kroner.

Det er innført ei særskilt ordning med lønsrefusjon for norske ferjereiarlag i utanriksfart i NOR frå 1. juli 2002. Fordi det er færre sjøfolk enn ein rekna med som fell inn under ordninga, og det berre blir utbetalt refusjon for to terminar, vil samla refusjonsutbetaling i 2002 maksimalt bli om lag 80 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 909 post 71 med 40 mill. kroner, frå 120 til 80 mill. kroner.

1.3 Kap. 922 Norsk Romsenter

Den delen av løyvinga til Norsk Romsenter som gjeld tilskott til ESA (European Space Agency) skal justerast dersom kursen euro/norske kroner har endra seg i budsjettåret i høve til kursen i saldert budsjett. Den faktiske kursen i 2002 har vore klart lågare. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga under kap. 922 post 70 med 14,2 mill. kroner, frå 259,1 til 244,9 mill. kroner.

1.4 Kap. 930 og kap. 3930 (nytt) Statens veiledningskontor for oppfinnere

Statens veiledningskontor for oppfinnere (SVO) vil underteikne ein samarbeidsavtale med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) om å utføre regionale prosjekt basert på 50 pst. samfinansiering. For å kunne nytte innbetalingane frå SND til å dekkje utgifter ved prosjekta må løyvinga under kap. 930 post 1 aukast tilsvarande innbetalingane som skal førast under nytt inntektskapittel 3930, post 2. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 930 post 1 med kr 100 000, frå 7,55 til 7,65 mill. kroner, på statsbudsjettet 2002.

1.5 Kap. 935 Internasjonale investeringstiltak

Dei årlege løyvingane til Den Europeiske Bank for Gjenoppbygging og Utvikling (EBRD) skal justerast dersom Eurokursen har endra seg i høve til den kursen som vart lagt til grunn i saldert budsjett. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga under kap. 935 post 70 med 1,9 mill. kroner, frå 28,8 til 26,9 mill. kroner.

1.6 Kap. 956 (nytt) Norsk Jern Eiendom A/S

På statsbudsjettet for 1991 fekk Næringsdepartementet fullmakt til å garantere for at Norsk Jern Eiendom A/S skulle haldast skadeslaus for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå Statens forureiningstilsyn. Ein garanti på 10 mill. kroner er forlenga med uendra ramme fram til 31. desember 2002. Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget. Ved utgangen av 2001 var det samla utbetalt om lag 5 mill. kroner. Departementet reknar med at det i 2002 vil bli utbetalt ytterlegare ca. 5 mill. kroner under miljøgarantien, slik at garantiramma vil vere fullt utnytta pr. 31. desember 2002. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om ei løyving på 5 mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet 2002.

1.7 Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutvik­lingsfond (jf. kap. 5320 og 5620)

I 2002 har SND gjort vesentleg meir bruk av langsiktige innlån enn det som vart lagt til grunn i St.prp. nr. 1 (2001-2002). Dette har resultert i mindre sirkulasjon i låneporteføljen og opptak av færre innlån. Samanlikna med saldert budsjett for 2002 gjer departementet derfor framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si risikolåneordning under kap. 2420 post 91 med 480 mill. kroner, frå 5,4 til 4,92 mrd. kroner. Løyvinga til innlån til SND si grunnfinansierings- og lågrisikolåneordning under kap. 2420 post 92 kan reduserast med 12,688 mrd. kroner, frå 36 til 23,312 mrd. kroner.

1.8 Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900)

Løyvinga på 1,5 mill. kroner gjeld i hovudsak inntekter frå sal av tungtvatn til Institutt for energiteknikk (IFE). I 2002 har det så langt ikkje vore sal av tungtvatn. Det reknast heller ikkje med sal i resten av året. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om at inntektsløyvinga under kap. 3900 post 2 reduserast med kr 1 450 000, frå kr 1 500 000 til kr 50 000.

1.9 Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap 950)

Våren 2002 kjøpte Spilka Invest A/S 51 pst. av staten sine aksjar i Moxy Trucks AS. Salssummen var 25,5 mill. kroner. Av dette er 10 mill. kroner dekt av løyving i saldert budsjett. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 3950 post 90 med 15,5 mill. kroner, frå 10 til 25,5 mill. kroner.

1.10 Kap. 5320 Statens nærings- og distriktsutvik­lingsfond (jf. kap. 2420 )

Det visast til omtale under kap. 2420 for SND sine innlånsordningar. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320 post 91 med 280 mill. kroner, frå 5,4 til 5,12 mrd. kroner. Løyvinga til avdrag frå SND si grunnfinansierings- og lågrisikolåneordning under kap. 5320 post 93 kan reduserast med 12,805 mrd. kroner, frå 36,25 til 23,445 mrd. kroner.

1.11 Kap. 5620 Renter og utbyte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognoser for resten av året er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvingane. Departementet føreslår at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620 post 81 reduserast med 30 mill. kroner, frå 180 til 150 mill. kroner, og at renteinntektene frå innlån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga under kap. 5620 post 86 reduserast med 52 mill. kroner, frå 717,5 til 665,5 mill. kroner.

1.12 Kap. 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting (jf. kap. 950)

På ekstraordinær generalforsamling i Grødegaard AS i juni 2001 vart det vedteke eit utbyte på 1,609 mill. kroner. Utbytet vart utbetalt i august 2002. I tillegg er det innbetalt 13,7 mill. kroner meir utbyte for 2002 frå andre selskap enn det som vart lagt til grunn ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 63 (2001-2002). Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 5656 post 80 med 15,3 mill. kroner, frå 6 531 til 6 546,3 mill. kroner.

1.13 Kap. 5670 Renter og utbyte frå Entra Eiendom AS

For 2002 var det budsjettert med 110 mill. kroner i renteinntekter frå Entra Eiendom AS. Rekneskapstal viser at innbetalingane vart om lag 113 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 5670 post 80 med 3 mill. kroner, frå 110 til 113 mill. kroner.