Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:

Stortinget ber Regjeringa:

  • – ta initiativ i den Norsk-russiske fiskerikommisjon om å innføre eit forvaltningsmål om å halde kongekrabbebestanden så langt nede som mogleg.

  • – ta initiativ i den Norsk-russiske fiskerikommisjon om tiltak som kan gje bidrag til at forvalt­ningsmålet blir nådd. Slike tiltak kan til dømes vere: fritt fiske, fangstpremie, utkastforbod og å tillate fangst på hokrabber.

  • – ta initiativ i den Norsk-russiske fiskerikommisjon for fangstkvoter som er store nok til å kunne forvalte kongekrabba som uønska i Noreg.