Ein syner til brev av 30. april 2003 frå Næringskomiteen
ved leiar Olav Akselsen, og vil svare på to spørsmål
knytte til St.prp. nr. 43 (2002-2003):
A) Har sekretariatet for
Biodiversitetskonvensjonen vurdert om EUs patentdirektiv er i strid
med Biodiversitetskonvensjonen?
Sekretariatet for Biodiversitetskonvensjonen,
som har setet sitt i Montreal, opplyser at det ikkje har kome med
noko vurdering av dette spørsmålet.
B) Viss nei, vil Regjeringa
ta initiativ frå norsk side ved å be sekretariatet
vurdere om EUs patentdirektiv er i strid med Biodiversitetskonvensjonen?
Partane til Biodiversitetskonvensjonen har eit
sjølvstendig ansvar for å syte for at pliktene
etter konvensjonen vert haldne, og til å vurdere om andre
plikter kjem i strid med desse.
I medhald av dette vil Noreg halde seg til patentdirektivet
i samsvar med pliktene etter Biodiversitetskonvensjonen, slik det
også er gjeve uttrykk for i den erklæringa som
Noreg ga i samband med EØS-komiteens vedtak 31. januar
2003 om innlemming av patentdirektivet i EØS-avtalen. Der
vert det sagt at norsk godkjenning av direktivet byggjer på at
det blir nytta på ein slik måte. Som det vert
gjort greie for i kapittel 12.8 i St.prp. nr. 43 (2002-2003) har
også EF-domstolen understreka at direktivet må nyttast
i samsvar med pliktene etter Biodiversitetskonvensjonen.
Ut frå dette ser Regjeringa ikkje behov
for å ta noko initiativ overfor sekretariatet for Biodiversitetskonvensjonen.