Innstilling fra justiskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling i handelshøve

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Ved avgjerd i EØS-komiteen av 16. mai 2003 vart vedlegg XII (fri rørsle for kapital) til EØS-avtala endra. Stortinget vert gjennom proposisjonen oppmoda om å gje sitt samtykke til godkjenning av denne avgjerda i EØS-komiteen.

Føremålet med direktivet er å hindre sein betaling i handelshøve, sikre kreditor adekvat kompensasjon ved sein betaling, og å betre innkrevjingsmetodane slik at innkrevjinga vert effektiv og rimeleg. Bakgrunnen for direktivet er at mange verksemder, særleg små og mellomstore, får store økonomiske vanskar på grunn av at dei ikkje får inn uteståande krav i rett tid. Direktivet gjeld ikkje forbrukarar.

Dei tilhøva som er regulerte i direktivet, finst det reglar om i fleire norske lover. Norsk rett oppfyller stort sett krava i direktivet, men det må skje mindre justeringar på enkelte punkt. Det er i proposisjonen gjeve ei kort oversikt over norsk rett i høve til direktivet, medrekna omtale av dei punkta der endringar i norsk rett må vurderast.

Sidan det berre er tale om mindre justeringar i norsk rett, vil gjennomføring av direktivet truleg ha mindre å seie for norske tilhøve enn det vil ha å seie for statar som ikkje allereie har eit tilfredsstillande regelverk på dette området. Ved å gjennomføre direktivet vil ein likevel lettare kunne påvise overfor andre, t.d. utanlandske verksemder, at Noreg har eit regelverk om forseinka betaling som er i tråd med det europeiske regelverket på området. Det er difor grunn til å tru at norske verksemder som handlar med utanlandske verksemder i EØS, ser det som ei føremon at direktivet vert gjennomført, sjølv om det ikkje medfører store endringar i norsk rett.

Justisdepartementet tilrår på denne bakgrunnen at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ola Røtvei, Anne Helen Rui og Knut Storberget, fra Høyre, Carsten Dybevig, lederen Trond Helleland og Linda Cathrine Hofstad, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og André Kvakkestad, fra Kristelig Folkeparti, Einar Holstad og Finn Kristian Marthinsen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, viser til departementets redegjørelse i St. prp. nr. 80 (2002-2003). Komiteen har ingen merknader til spørsmålet om samtykke til godkjenning av avgjørelsen i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 om innlemming av direktiv 2000/35/EF om kamp mot forsinket betaling i handelsforhold.

Utenrikskomiteens merknader

Utenrikskomiteen fikk oversendt forslag til innstilling fra justiskomiteen ved brev av 16. oktober d.å., og behandlet dette i sitt møte 30. oktober d.å. Utenrikskomiteen hadde ingen merknader til innstillingen.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i avgjerd i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling i handelshøve.

Oslo, i justiskomiteen, den 4. november 2003

Trond Helleland

leder

Anne Helen Rui

ordfører