Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Klungland og Synnøve Konglevoll, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og leiaren Bror Yngve Rahm, og frå Senterpartiet, Inger S. Enger, registrerer at det dei siste åra har vore ein vekstauke i norsk solcelleindustri med fleire aktørar innafor ein internasjonal solcellemarknad i sterk utvikling. Det hadde ikkje vore mogleg utan ei langsiktig og målmedvita oppbygging av kompetanse i bransjen. Frå 1970-talet har utnytting av solenergi vore eit aktuelt forskingstema i Noreg, og Forskningsrådet har medverka til at mange norske verksemder og FoU-miljø har teke del i internasjonale samarbeidsprosjekt. Det har vore ei medvita satsing på å byggja opp eit robust norsk forskingsmiljø med høg kompetanse på dette området.

Komiteen ser positivt på solcelleindustrien si satsing på å gjera bruk av fornybar energi.

Komiteen viser til at det i dag vert forska på eit breitt spekter innafor fornybar energi, og forsking i tilknyting til solcelleindustri må konkurrera med anna forsking om midlar frå Norges Forskningsråd. Forsk­ningsrådet har gitt mellom 8 og 10 mill. kroner til fo­rsking innan solenergi.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, viser til Enova sitt arbeid med å skaffa flest mogeleg miljøvenlege og kostnadseffektive energieiningar. Dette er i tråd med vedtaket i Innst. O. nr. 59 (2000-2001), og fleirtalet meiner at ei eiga satsing frå staten si side på solcelleindustri, slik det er gjort framlegg om i Dokument nr. 8:132 (2002-2003), ikkje er i samsvar med den kostnadseffektivitet og teknologinøytralitet som ligg i Enova sine målsetjingar og verkemidlar.

Fleirtalet viser til at det må vera opp til Norges forskningsråd å prioritera aktuelle solindustrirelaterte prosjekt. Fleirtalet viser vidare til at solcelle­industrien kan søkja om SkatteFunn-midlar for å styrkja FoU-arbeid sitt.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til Dokument nr. 8:132 (2002-2003) for en nærmere begrunnelse for behovet for en nasjonal strategi for å gjøre norsk solindustri verdensledende. Det at norske aktører allerede er verdensledende, viser at utfordringen ligger i å befeste denne stillingen, samt bekrefter det potensialet solindustrien har til å bli en av framtidens viktigste eksportnæringer for Norge.

Disse medlemmer vil også vise til at en slik strategi nødvendigvis ville måtte omfatte virkemidler langt utover Enovas oppgaver. Disse medlemmer er uenige i flertallets avvisning av en statlig satsing på solenenergi - begrunnet med Enovas begrensninger i forhold til teknologinøytralitet og kostnadseffektivitet.

Disse medlemmer tar opp forslagene fremmet i Dokument nr. 8:132 (2002-2003).

Komiteen viser til at solcelleindustrien har òg fått midlar frå SND m.a. gjennom støtte til Scanwafer sine to produksjonsanlegg for solcelleskiver i Glomfjord. Ved denne tildelinga la SND også vekt på distriktspolitiske omsyn.

Komiteen viser til at Olje- og energidepartementet i brev (vedlagt) dagsett 22. oktober 2003 til komiteen gjer greie for at Regjeringa vil føra vidare ein politikk som gjer det mogeleg med utviklings- og demonstrasjonsanlegg for fornybar energiproduksjon. Komiteen sluttar seg til denne målsetjinga og meiner at initiativet til slike prosjekt må koma frå industrien i samarbeid med aktuelle forskingsinstitusjonar.

Komiteen viser til at det er ei global utfordring å bruka eksisterande energikjelder meir effektivt og å leggja vekt på å bruka fornybar energi. Om lag ein tredel av folket på jorda manglar tilgang til moderne energiforsyning. Problema er diverre størst i utviklingslanda, og komiteen meiner at tilgang til energi er viktig for å få til bærekraftig utvikling, kamp mot fattigdom og auka levestandard i desse landa. Sjølv om det ligg godt til rette for å auka bruken av solenergi i fleire utviklingsland som tek imot hjelp frå Noreg, vil komiteen understreka at prinsippa om at satsing på solenergi i desse landa må samordnast med landa sine eigne planar og prioriteringar.

Etterspurnaden etter solcellepanel er aukande både nasjonalt og internasjonalt. Staten gir tilskot til forsking og produktutvikling innan bruk av solenergi, og norsk industri har i samarbeid med forskingsintitusjonane utvikla spesiell og høg kompetanse innafor solcelleenergi. Norsk solcelleindustri er i stendig vekst og er allereie godt etablert på verdsmarknaden.

Komiteeens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti vil understreke den industripolitiske muligheten og de gode forutsetningene Norge har til å spille en strategisk nøkkelrolle i utviklingen av solenergi globalt. I et globalt perspektiv er utviklingen av en sterk solindustri en strategisk forutsetning for å skape en bærekraftig energiforsyning i framtiden.

Disse medlemmer vil understreke at forskning på solenergi er svært verdifullt, og vil understreke at prioritering av solenergiforskning er i tråd med Innst. S. nr. 110 (1999-2000) fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om forskning ved et tidsskille, hvor Stortinget foretar en prioritering av sentrale tematiske områder. I Innst. S. nr. 110 (1999-2000) heter det:

"En hovedprioritering ved bruk av offentlige midler i årene framover vil være å styrke den langsiktige og grunnleggende forskningen. I tillegg vil myndighetene bidra til å sikre et nødvendig kunnskapsgrunnlag på sentrale tematiske områder for samfunns- og næringsliv: marin forskning, informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), medisinsk og helsefaglig forskning og forskning i skjæringsfeltet mellom energi og miljø. Kvalitet skal fremmes og belønnes på alle områder."

Disse medlemmer vil understreke at tilnærmet all forskning på solenergi befinner seg i skjæringspunktet mellom energi og miljø, og således fortjener høy prioritering.

Disse medlemmer viser til at retningslinjene som ligger til grunn for norsk energirelatert bistand i dag, er beskrevet i Regjeringens handlingsplan for bekjempelse av fattigdom. Under "Fattigdomsbekjempelse gjennom energiutvikling" pekes det på at

"Norge har spiss- og breddekompetanse på energi­området som vi ønsker å utnytte til fordel for disse landene. Vi vil derfor bidra på felter som forvaltning av petroleums- og vannressurser …"

Disse medlemmer mener at norsk bistand kan og bør derfor utvides til å fokusere også på den delen av norsk næringsliv som kan bidra med kompetanse innen solenergi.