Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Thailand, underskriven i Bangkok den 30. juli 2003

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Den 30. juli 2003 blei det i Bangkok underskrive ein avtale med formål å hindre dobbel skattlegging og å førebyggje unndraging av skattar av inntekter mellom Noreg og Thailand. Avtalen vil tre i kraft på den dagen da begge statar har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Avtalen vil få verknad for skattar av inntekt som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtalen trer i kraft.

Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtalar som er utarbeidd av OECD. På grunn av skilnadene mellom økonomiane i Noreg og Thailand, er det på nokre punkt også teke omsyn til det mønsterutkastet som er utarbeidd av FN for skatteavtalar mellom industrialiserte land og utviklingsland. Avtalen inneheld likevel nokre avvik frå desse mønsteravtalane.

Avtalen er inngått på engelsk. Den engelske avtaleteksten og ei norsk omsetjing følgjer som vedlegg til proposisjonen.

Den gjeldande avtalen brukar fordelingsmetoden som hovudregel for å unngå dobbel skattlegging. Den viktigaste endringa i forhold til gjeldande avtale er at godskrivingsmetoden (kreditmetoden) er innført som hovudmetode for å unngå dobbel skattlegging. Etter denne metoden kan Noreg skattlegge inntekt som personar busett i Noreg oppeberer frå kjelder i Thailand. Ved likninga i Noreg skal det, innan visse rammar, gis eit frådrag i den utlikna skatten med eit beløp som svarer til den skatten som er betalt i Thailand. I dei tilfeller der inntekter etter avtalen berre kan skattleggast i Thailand skal Noreg bruke den alternative fordelingsmetoden for å unngå dobbel skattlegging. Det inneber at slik inntekt kan reknast med i det norske skattegrunnlaget, men at det gis frådrag i den norske skatten for den del av den norske skatten som fell på inntekta frå Thailand.

Den nye avtalen omfattar kontinentalsoklane i dei respektive landa. Den inneheld særlige reglar om skattlegging av verksemd og arbeid på kontinentalsokkelen som i det vesentlege svarar til dei som er inntatt i nyare norske skatteavtalar. Kontinentalsokkelen er ikkje omfatta av den gjeldande avtalen.

I forhold til den gjeldande avtalen er det gjort vesentlege endringar med omsyn til skattlegginga av aksjeutbytte og renter.

Det vises til kap. 3 i proposisjonen for ein nærmare omtale av avtalen.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Tomas Norvoll og Torstein Rudihagen, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre, May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen, slutter seg til Regjeringens forslag til vedtak om at det gis samtykke til å sette i kraft skatteavtalen.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykker til å setje i kraft ein avtale mellom Kongeriket Noreg og Kongeriket Thailand med formål å hindre dobbel skattlegging og å førebyggje unndraging med omsyn til skattar av inntekt, underskriven i Bangkok den 30. juli 2003.

Oslo, i finanskomiteen, den 27. november 2003

Siv Jensen

leder

Svein Flåtten

ordfører