Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet "Intelligent energi for Europa" (2003-2006)

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 64 (2003-2004)
  • Kildedok: St.prp. nr. 7 (2003-2004)
  • Dato: 28.11.2003
  • Utgiver: Energi- og miljøkomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til at det fleirårige EU-handlingsprogrammet på energiområdet "Intelligent energi for Europa" (2003-2006) vart formelt vedteke 26. juni 2003. Programmet er ei vidareføring og ein revisjon av rammeprogrammet for energi, som vart avslutta 31. desember 2002, der Noreg tok del i tre av seks delprogram; ALTENER (stimulering til bruk av fornybare energikjelder), SAVE (energieffektivisering) og ETAP (statistikk og analysar av energisektoren).

I "Intelligent energi for Europa" vil ALTENER og SAVE bli vidareførde; i tillegg vert det skipa eit program for bruk av fornybar energi i transportsektoren (STEER) og eit program for å fremje bruk av fornybar energi i utviklingsland (COOPENER). Dei andre programma under rammeprogrammet for energi går ut. For perioden 2003-2006 har "Intelligent energi for Europa" ei budsjettramme på 200 mill. euro. "Intelligent energi for Europa" (2003-2006) er meint å byggje opp under energipolitikken til EU. Dei overordna måla for programmet er at det skal medverke til å betre forsyningstryggleiken, konkurranseevna og miljøvernet. Måla med programmet er vidare å fremje ei berekraftig økonomisk og sosial utvikling.

Departementet viser til at handlingsprogrammet opnar for deltaking for EØS/EFTA-statane, og at ei slik deltaking krev endring av protokoll 31 artikkel 14 i EØS-avtala. Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med løyvingsvedtak, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så snøgt som råd, vert stortingsproposisjonen fremja før avgjerda i EØS-komiteen, som er venta 7. november 2003.

Tilskotet frå Noreg for deltaking i programmet vil ved ein kurs på 1 euro = NOK 8,0 vere på om lag 8 mill. kroner per år, og vil verte dekt over budsjettet til Olje- og energidepartementet, kap. 1825 post 21. Deltakinga i programmet gjer det òg mogleg for norske styresmakter å utplassere nasjonale ekspertar som jobbar innanfor programmet, i Kommisjonen.

Det er gjort nærmare greie for programmet i proposisjonen, og utkastet til avgjerd i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsvedtaket følger i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Klungland og Synnøve Konglevoll, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Jørund Leknes, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og leiaren Bror Yngve Rahm, og frå Senterpartiet, Inger S. Enger, viser til Utenriksdepartementets vurdering av Norges deltagelse i EU-handlingsprogrammet på energiområdet "Intellegent energi for Europa" og understreker at det vil gi norske aktører en mulighet til å søke støtte til forskningsprosjekt, arbeidsgrupper mv. Komiteen mener at dette kan ha en viktig funksjon som brobygger for samarbeid over landegrensene.

Komiteen viser til at deltagelsen vil gjøre det mulig for norske myndigheter å utplassere nasjonale eksperter som jobber innenfor prosjektet, i Kommisjonen. Gjennom denne ordningen vil Norge ha en enestående mulighet til å få informasjon om utarbeidelsen av nye direktiv og bestemmelser i en tidlig fase av beslutningsprosessen. Gjennom dette får vi mulighet til å påvirke på et tidlig tidspunkt.

Uttale frå utanrikskomiteen

Utkastet til innstillinga har vært lagt fram for utanrikskomiteen til uttale, som ikkje har merknader til innstillinga.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og det som står over, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet "Intelligent energi for Europa" (2003-2006).

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 28. november 2003

Bror Yngve Rahm

leiar og ordførar