1.1 Formål

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2003 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2003 vart utarbeidd.

1.2 Tilleggsløyvingar

På bakgrun av at eit norsk sikringskompani skal stasjonerast i Afghanistan frå november 2003 i samband med at landets grunnlovgivande forsamling Loya Jirga trer saman i desember, vert det foreslått ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner.

Oppdraget kostar totalt 50 mill. kroner der 30 mill. kroner kjem til betaling i 2003. 20 mill. kroner vert dekt innanfor fastlagde rammer og 10 mill. kroner i tillegsløyving.

1.3 Omgruppering: Forhold som endrar ramma for 2003-budsjettet

1.3.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 2002

Avslutninga av rekneskapen for 2002 synte eit meirforbruk under:

  • 1. Kap. 1731 Hæren, post 1 på 55,470 mill. kroner.

  • Totalt meirforbruk var på 55,470 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  • 2. Kap. 1732 Sjøforsvaret, post 1 på 38,878 mill. kroner.

  • Totalt meirforbruk var på 38,878 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  • 3. Kap. 1734 Heimevernet, post 1 på 6,094 mill. kroner.

  • Totalt meirforbruk var på 6,094 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  • 4. Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 på 2,181 mill. kroner.

  • Totalt meirforbruk var på 2,181 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  • 5. Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta, post 1 på 6,167 mill. kroner.

  • Totalt meirforbruk var på 6,167 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

1.3.2 Netto meirinntekter i 2003

I forhold til vedtatt budsjett 2003 er det ei netto meir­inntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 72,765 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida.

1.4 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperinga

1.4.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperingane er vedtatt budsjett for 2003 lagt til seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2002.

I 2003 er det for forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske endringar i løyvingar i følgjande:

  • – Stp.prp. nr. 1 (2002-2003) Statsbudsjettet medrekna folketrygda, Budsjett-innst. S. nr. 1 (2002-2003), medførde ein reduksjon på 43,462 mill. kroner.

  • – St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet medrekna folketrygda 2002, jf. Innst. S. nr. 212 (2002-2003), medførde ei redusert utgiftsramme på 240 mill. kroner.

  • – Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 100 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 28,601 mill. kroner.

Tabell 1.1. Faktisk løyving på utgiftssida før omgruppering 2003 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2003

29 613 813

Innst. S. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2002-2003)

-43 462

Innst. S. nr. 260 (2002-2003)

-240 000

Forsvarsdepartementet sin del av innsparingsfullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet

-28 601

Soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003) (reknefeil i samband med utarbeiding av proposisjonen)

3

= Faktisk løyving før omgruppering

29 301 753

Middel ført over frå 2002

1 127 923

Disponible midlar i 2003 før omgruppering

30 429 676

Tabell 1.2. Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2003 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2003

798 286

= Løyving før omgruppering

798 286

Tabell 1.3. Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperings-proposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 2002

-108 790

Nedtrekk grunna ein reknefeil i samband med soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003

-3

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida

72 765

Tilleggsløyvingar i omgrupperinga 2003

10 000

= Sum behov ved omgrupperinga

-26 028

+ Løyving før omgruppering

29 301 753

= Total løyving etter omgrupperinga

29 275 725

= Totalt disponibelt etter omgrupperinga

30 403 648

Tabell 1.4. Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperings-proposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Løyving før omgruppering

798 286

Netto meirinntekter

72 765

= Sum behov ved omgrupperinga

871 051

Departementet foreslår på denne bakgrunnen, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 26,028 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 72,765 mill. kroner.

1.4.2 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.

Tabell 1.5. Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreutg. -

Meirutg. +

1

Driftsutgifter

-12 695

24

Driftsresultat Forsvarsbygg

458 436

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

-11 307

45

Store nyskaffingar

109 420

47

Nye bygg og anlegg

-600 436

48

Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid

-2 181

50

Overføringar til statsinstitusjonar

42 000

70

Renter låneordning

-8 000

75

Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

- 23 000

78

Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett

23 000

90

Lån til private

-1 265

Sum

-26 028

1.4.3 Inntekter

Tabell 1.6. Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreinnt - Meirinnt +

1

Driftsinntekter

72 365

70

Renter låneordninga

-600

90

Lån til bustadformål

1 000

Sum

72 765