Innstilling frå næringskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit program for overvaking av handlingsplanen e Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS)

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

EU-programmet for overvaking av handlingsplanen e Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (heretter kalla MODINIS) vart formelt vedteke i EU 17. november 2003 ved rådsvedtak 2256/2003/EF. Programmet skal vare i tidsrommet 2003-2005.

MODINIS er eit sentralt verkemiddel i verkeleggjeringa av Lisboa-strategien. Føremålet med MODINIS er på den eine sida å leggje til rette for initiativ til oppfølging og verkeleggjering av måla i e Europa 2005, og på den andre sida å overvake utviklinga av informasjonssamfunnet innanfor ramma av ulike e Europa-initiativ. Konkret vil dette innebere å levere statistikkar i regi av dei nasjonale statistikkbyråa. I samband med MODINIS er det skipa to styringsgrupper for e Europa 2005, og Noreg har fått plass i begge gruppene. Styringsgruppa vil fungere som koordinator og pådrivar for arbeidet innanfor programma for elektronisk helse og elektronisk forvalting, e Ten og andre IT-relaterte program.

Ved deltaking i programmet vil Noreg ha budsjettmessige plikter under heile programperioden (2003-2005). Noregs samla del av programutgiftene vil utgjere om lag 370 000 euro over 3 år, det vil seie om lag 3,6 mill. norske kroner. Utover dette kjem følgjande:

  • – utgifter til nasjonal ekspert - oppfølging frå PROMISE-programmet,

  • – utgifter til nasjonal ekspert - e Government-eininga,

  • – norsk sekretariatsarbeid for ekspertstillingane,

  • – utgifter til andre aktivitetar som er knytte til e-Europa-verksemda.

Dei gjennomsnittlege kostnadene for programmet i perioden 2003-2005 vil difor i utgangspunktet vere 4,4 mill. kroner per år. For 2004 vert utgiftene dekte over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet, kap. 924, post 70 MODINIS. I samband med det reviderte nasjonalbudsjettet for 2004 og budsjettet for 2005 vil ein kome tilbake til eventuelle krav om auka rammer.

Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med budsjettvedtak over 3 år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.

Utkastet til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av rådsvedtak 2256/2003/EF om innlemming i EØS-avtala av MODINIS følgjer som vedlegg til proposisjonen.

Det fleirårige EU-programmet MODINIS vil danne grunnlaget for svært mykje av Europakommisjonens verksemd innanfor e Europa og andre informasjonssamfunnsspørsmål dei neste åra. Noreg tek del i målsetjingane til EU for IT-politisk verksemd og difor meiner Nærings- og handelsdepartementet at Noreg vil ha stor nytte av å ta del i utveksling av røynsler, referansemåling og ei rekkje andre konkrete tiltak som skal setjast i verk under e Europa-initiativet.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Ivar Kristiansen, Michael Momyr og Erlend Nornes, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Olaf Gjedrem og May-Helen Molvær Grimstad, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til at EU-programmet for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS) vart formelt vedteke i EU 17. november 2003. Programmet skal vare i tidsrommet 2003-2005.

Komiteen er kjent med at norsk deltaking i MODINIS gjer det naudsynt med budsjettvedtak over tre år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Dei gjennomsnittlege kostnadene for programmet i perioden 2003-2005 vil i utgangspunktet vere om lag 4,4 mill. kroner pr. år.

Komiteen viser elles til at Noreg frå 1999 tok del gjennom EØS-avtala i programmet PROMISE (1998-2002), som var forgjengaren til MODINIS og knytt til EU sin handlingsplan for informasjonssamfunnet, e-Europa 2005. Gjennom planane for e-Noreg har Noreg aktivt følgt opp initiativet til EU på IT-området. Fordi Noreg ønskjer ein aktiv IT-politikk er det viktig å følgje opp dei programma og initiativa som kjem inn under MODINIS og e-Europa.

Uttale frå utanrikskomiteen

Komiteens utkast til innstilling ble 11. mars 2004 oversendt utenrikskomiteen til uttalelse. Utenrikskomiteen uttaler følgende i brev av 22. mars 2004:

"Under henvisning til næringskomiteens brev vedrørende ovennevnte kan meddeles at utenrikskomiteen ikke har merknader til utkast til innstilling."

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen fleire merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere fylgjande

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit program for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS).

Oslo, i næringskomiteen, den 23. mars 2004

Olav Akselsen

leiar

Erlend Nornes

ordførar