2.1 Endelege løyvingar i samband med etableringa av Avinor AS

Sammendrag

Samferdselsdepartementet gjer i proposisjonen greie for endeleg eigenkapital i samband med etableringa av Avinor AS. Avinor AS blei etablert 1. januar 2003, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2/Budsjett-innst. S. nr. 6 og nr. 13 Tillegg nr. 1 (2002-2003).

Ved fastsetjing av kapital til Avinor var det lagt opp til at Avinor i 2003 skulle betale Luftfartsverkets mellomvære med staten per 31. desember 2002. Mellomværet per 31. desember 2002 var på 581,1 mill. kroner, og 470,6 mill. kroner blei innbetalt i oktober 2003. Det var lagt opp til at resten av mellomværet på 110,5 mill. kroner skulle reknast mot ein reduksjon i arbeidskapitalen. Ein har kome til at dette opplegget ikkje kan følgjast. På denne bakgrunn må Avinor i 2004 betale mellomværet på 110,5 mill. kroner til statskassa. Regjeringa har derfor i kgl.res. av 16. april 2004 redusert eigenkapitalen i selskapet ved inntektsføring av om lag 113,1 mill. kroner (inklusive renter) på kap. 4315 Avslutting av forvaltningsverksemda Luftfartsverket, post 96 Nedsetjing av eigenkapital, jf. forslag til vedtak.

Komiteens merknader

Komiteen har merket seg at Samferdselsdepartementet i proposisjonen gjør rede for endelig egenkapital i samband etableringen av Avinor AS og har ellers ingen merknader.