Arbeids- og administrasjonsdepartementet ønskjer
i medhald av lov om Statens Pensjonskasse 28. juli 1949 (pensjonslova) § 20
tredje leddet å godskrive tidlegare teneste som pensjonsgivande
for ei verksemd som er blitt statleg, slik at arbeidstakarane ikkje
skal få dårlegare tenestepensjon som følgje
av at verksemda blir statleg. Pensjonsreservar knytta til tidlegare
teneste blir ført over til staten.
Proposisjonen viser til Ot.prp. nr. 55 (1992-1993),
jf. Innst. O. nr. 96 (1992-1993).
Norsk Romsenter blei frå 1. januar
2004 omdanna frå ei stifting til eit statleg forvaltningsorgan,
jf. St.prp. nr. 51 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og
nyskapende næringsliv og Innst. S. nr. 283 (2002-2003).
Dei tilsette blei då statlege tenestemenn
etter lov om statens tenestemen m.m. § 1, med rett og plikt
til medlemskap i Statens Pensjonskasse (SPK), jf. pensjonslova § 5.
Departementet gjer framlegg om at Stortinget
gjer slikt vedtak:
"I medhald av lov 28. juli 1949 om
Statens Pensjonskasse § 20 tredje leddet blir det fastsett
følgjande reglar om medrekning av tenestetid for tenestemenn
i Norsk Romsenter:
1. Tenestemenn i Norsk
Romsenter som blir medlemmer av Statens Pensjonskasse fordi dei
har stillingar som gjer at dei blir overførte til staten,
får tida før medlemskapen i Statens Pensjonskasse
godskriven som pensjonsgivande tenestetid i Statens Pensjonskasse
dersom dei har vore omfatta av ei kollektiv pensjonsforsikring i
Storebrand. Det er ein føresetnad at premiereservane blir
overførte til staten.
2. Dei tilsette som tidlegare har arbeidd
ein annan stad, og der har vore medlem i ei anna pensjonsordning,
får denne tida rekna med, dersom premiereserven frå den
tidlegare pensjonsordninga er blitt overførd til Storebrand,
eller det er avtalt at verdien av den fripolisen vedkommande har
i andre ordningar, går til frådrag i utbetalinga
frå Storebrand.
3. Går tenestemennene i Norsk
Romsenter over frå deltidsstilling til større
deltidsstilling eller til full stilling ved overgangen til statsteneste,
kan pensjonsgrunnlaget reduserast i forhold til arbeidstida etter
føresegnene i § 15 i pensjonslova.
4. I høve til føresegnene
i pensjonslova inneber medrekninga at statstenestemenn ved Norsk
Romsenter blir sett på som om han/ho har vore
medlem av Statens Pensjonskasse i vedkommande tidsrom når
det gjeld føresegn om opptaksreglar, berekning av pensjon
med vidare.
5. Arbeids- og administrasjonsdepartementet
kan så langt det trengst gi utfyllande føresegner
for gjennomføring av ordninga ovanfor."
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Eirin Faldet, Torny Pedersen og Ola Røtvei, fra Høyre,
Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen,
fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk
Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti,
Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Eli
Sollied Øveraas, viser til at forslaget om overføring
av Norsk Romsenters pensjonsordning i Storebrand til Statens Pensjonskasse
er forelagt Kredittilsynet til uttalelse. Komiteen har
merket seg at Kredittilsynet har satt som betingelse for overføring
av midlene tilknyttet den enkeltes premiereserve at hvert enkelt medlem
gir sitt samtykke og at slikt samtykke også er gitt av
de aktuelle arbeidstakere.
Komiteen har ellers
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjøre slikt
vedtak:
I medhald av lov 28. juli 1949 om Statens Pensjonskasse § 20
tredje leddet blir det fastsett følgjande reglar om medrekning
av tenestetid for tenestemenn i Norsk Romsenter:
1. Tenestemenn i Norsk
Romsenter som blir medlemmer av Statens Pensjonskasse fordi dei
har stillingar som gjer at dei blir overførte til staten,
får tida før medlemskapen i Statens Pensjonskasse
godskriven som pensjonsgivande tenestetid i Statens Pensjonskasse
dersom dei har vore omfatta av ei kollektiv pensjonsforsikring i
Storebrand. Det er ein føresetnad at premiereservane blir
overførte til staten.
2. Dei tilsette som tidlegare har arbeidd
ein annan stad, og der har vore medlem i ei anna pensjonsordning,
får denne tida rekna med, dersom premiereserven frå den
tidlegare pensjonsordninga er blitt overførd til Storebrand,
eller det er avtalt at verdien av den fripolisen vedkommande har
i andre ordningar, går til frådrag i utbetalinga
frå Storebrand.
3. Går tenestemennene i Norsk
Romsenter over frå deltidsstilling til større
deltidsstilling eller til full stilling ved overgangen til statsteneste,
kan pensjonsgrunnlaget reduserast i forhold til arbeidstida etter
føresegnene i § 15 i pensjonslova.
4. I høve til føresegnene
i pensjonslova inneber medrekninga at statstenestemenn ved Norsk
Romsenter blir sett på som om han/ho har vore
medlem av Statens Pensjonskasse i vedkommande tidsrom når
det gjeld føresegn om opptaksreglar, berekning av pensjon
med vidare.
5. Arbeids- og administrasjonsdepartementet
kan så langt det trengst gi utfyllande føresegner
for gjennomføring av ordninga ovanfor.
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 8. juni 2004
Sonja Irene Sjøli
leder |
Ola T. Lånke
ordfører |