Innledning

Ein omfattande del av norsk fiske (målt i vekt) skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at Regjeringa forhandla fram rammeavtaler som både gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga til 200 nautiske mils økonomisk sone fekk verknad for frå 1. januar 1977, og som tok vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land.

Etter FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982, har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2004, norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar, og dei langsiktige forvaltningsplanane Noreg har vedteke saman med andre land. Det vert vidare gjort greie for dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noreg si økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på tildelte kvotar. Meldinga gjer også kort greie for kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot uregulert fiske. Til sist gir meldinga ei oversikt over norske og utanlandske fiskarar si utnytting av kvotar i 2002 og 2003, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.

Dei ulike fiskeriavtalane for 2004

Dei viktigaste bilaterale forhandlingane for 2004 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegner av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ei avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. Som fylgje av den polske EU-medlemskapen frå 1. mai 2004, har Noreg sagt opp den bilaterale rammeavtala med Polen.

Noreg har i 2003 forhandla fram ei ny trepartsavtale med Island og Grønland om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen, og med Island om kvotebytte og oppfølging i tråd med Smottholavtala.

Noreg-Russland

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2004 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 486 000 tonn, medrekna 20 000 tonn murmansktorsk. Dette er i tråd med forvaltningsplanen vedteke under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen. Den bekymringsfulle situasjonen for norsk kysttorsk medførte ein drastisk reduksjon av denne kvoten. Kvoten for 2004 inneber ei halvering av fjorårets kvote.

Noreg og Russland vart vidare samde om å vidareføre ein langsiktig forvaltningsplan for torsk som tok til å gjelde frå 2004. Forvaltningsplanen går ut på at ein arbeider for å halde det gjennomsnittlige fiskedøyingstalet på føre-var-nivå i gåande treårsperiodar samstundes som kvotesvingingane jamnast ut frå år til år med maksimalt +/- 10 pst. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 20 000 tonn murmansktorsk, er på 212 600 tonn. Det er vidare sett av ein torskekvote til tredjeland på 68 800 tonn.

Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 130 000 tonn for 2004. Den norske kvoten er på 66 500 tonn og den russiske på 57 500 tonn. Noreg og Russland vidarefører også ein forvaltningsplan for hyse tilsvarande den som vil gjelde for torsk, men med den skilnad at kvotesvingingane her kan jamnast ut frå år til år med inntil +/- 25 pst. Ettersom loddebestanden no er på eit botnnivå blei det derimot ikkje opna for fiske etter lodde i 2004. Noreg og Russland er også for 2004 samde om eit kvotebytte på eksklusive bestandar.

Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 2004, har Russland denne gongen ikkje blitt tildelt ein kvote for eit direkte fiske på snabeluer på grunn av den vanskelege situasjonen for bestanden. Russland sin kvote for bifangst av vanleg uer og snabel­uer er vidareført frå i fjor. Vidare har Russland ein kvote på 10 000 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse og 2 000 tonn steinbit for eit direkte fiske og bifangst. I tillegg kan Russland fiske 50 000 tonn kolmule i eit nærmare avgrensa område i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 4 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3 000 tonn andre artar som bifangst. I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland føre vidare forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si sone i 2004. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskap, vil det også i område under norsk fi­skerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2004.

Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er vidareført frå i fjor med 10 000 dyr.

Noreg og Russland har fastsett ein totalkvote på 780 000 kongekrabbar for 2004, fordelt med 500 000 krabbar til Russland og 280 000 til Noreg. I forståing med Russland vil Noreg i 2004 innføre ei vestgrense for den felles forvaltninga av kongekrabbe ved 26 austleg lengdegrad (Magerøya) for å kunne redusere spreiinga av kongekrabbe vest for denne grensa.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2004 vil vere arbeidet med ein styrka kontroll med omlasting av fisk i Barentshavet. Partane er einige om å utforma eit kontrollregime retta mot denne aktiviteten i løpet av fyrste halvår 2004. Det skal etablerast kontrollpunkt for omlasting både til havs og ved hamn, kontroll- og informasjonsarbeidet skal styrkast med løypande utveksling av opplysningar om kvotar på reiarlag- og fartøynivå, utveksling av satellittsporingsdata, samt innføring av eit system for nekt av lisens ved grove kvoteoverskridingar.

Noreg - EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Noreg og EU har inngått årlege kvoteavtalar sidan 1978, både tildeling av kvotar og byte av dei eksklusive bestandar i Nordsjøen og vest for Dei britiske øyane. Etter fire forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 24. januar 2004, ei kvoteavtale for 2004.

Kvoteavtala for 2004 reflekterer den vanskelege bestandssituasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Partane har difor vedteke å føre vidare kvotane for torsk og kviting på same nivå som i 2003 då desse vart kraftig redusert. Hyse er i ein betre tilstand, og totalkvoten her er difor auka frå 51 735 tonn i 2003 til 77 000 tonn i 2004. Situasjonen for sei- og sildebestandane er framleis god, og kvotane er difor auka ytterlegare frå 2003 til 2004. Det er vidare sett ein bifangstkvote på 43 200 tonn Nordsjøsild i EU sitt fiske etter andre artar i Nordsjøen i 2004. Kvoten for raudspette er ytterlegare redusert frå 2003 til 2004. Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Avtala for 2004 inneber ein auke av kvoten på tobis med 10 000 tonn frå 2003. Dei andre norske kvotane på fellesbestandane er på same nivå som i 2003. EU sine kvotar i norsk sone på fellesbestandane er ikkje endra frå 2002. EU sin kvote på torsk nord for 62oN for 2004 er auka frå 2003, medan hysekvoten er redusert med 200 tonn frå i fjor. I tillegg til den uerkvoten som går fram av tabellen, har EU sidan 1986 då Portugal og Spania vart medlemer i EU, fått eit tilleggskvantum uer. I tråd med brevveksling av 2. mai 1992 pliktar Noreg å gje EU denne tilleggskvoten av uer på permanent basis. Dette kvantumet er i 2004 på 500 tonn. Uerkvotane kan berre takast som bifangst nord om 70oN. Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hjå partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga. Både innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen, er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. I samanhang med arbeidet med betring av beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teke i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken ("highgrading"). Når fisken ikkje blir tatt i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedøying og faktisk døying. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast er forbode i Noreg for alle kommersielt viktige fiskeslag. Ei løysing på utkastproblemet er ei hovudutfordring for Noreg og EU. Som eit ledd i reformen av EU sin felles fiskeripolitikk, som vart vedteken i desember 2002, har Europakommisjonen lagt fram ein handlingsplan som tek sikte på å innføre tiltak som kan redusere utkastet. Mellom anna vurderer kommisjonen å foreslå eit forbod mot utkast frå 2006 på grunnlag av pilotprosjekt og dialog med medlemslanda og fiskerinæringa.

I samband med den såkalla "torskekrisa" inngjekk Noreg og EU i 2001 eigne avtalar om særskilde tiltak for å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen. Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er sidan dette ytterlegare forverra, og då særleg for nordsjøtorsken. Totalkvoten for torsk blei difor i 2003 redusert med 45 pst. frå 2002, og Noreg og EU vart i kvoteavtala for 2004 samde om å føre vidare denne kvoten på same nivå som året føre.

Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc­arrangement for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster, har ein på norsk side meint at ein har eit rettkome krav til ein høgare del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist frå EU si side.

Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000. Vidare er det eit hovudmål å sikre harmonisering av kontrollføresegnene. I denne samanhangen blei Noreg og EU under haustens kvoteforhandlingar samde om å innføre like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar, og ein standard vatntrekk frå slike fangster på 2 pst., frå 1. februar 2004. Dette skal sikre lik kvoteavrekning for desse fangstane.

Noreg - Færøyane

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ei trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane har inngått tilsvarande avtalar for 2001, 2002 og 2004. Kvoteavtala mellom Noreg og Færøyane for 2004 vart inngått i Oslo 29. januar 2004. Etter avtala er Færøyane tildelt kvotar i Noreg si økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard.

Samanlikna med 2003 har torskekvoten, kvoten på sei, hysekvoten og kvoten på andre artar hatt ei auke. Færøyane sin seikvote skal også dekkje bifangst i fiske etter torsk og hyse. Færøyane har fått ein kvote på 1 375 tonn makrell nord om 62oN. Avtala opnar også for at makrellkvoten kan bli fiska i Nordsjøen nord om 57o30"N. Færøyane kan fiske inntil 500 tonn kolmule som forsøksfiske i eit nærmare avgrensa område. Det blei ikkje gitt loddekvote for 2004. I avtala for 2004 har Færøyane høve til å fiske inntil 9 700 tonn makrell i NØS nord om 57o30"N av den nasjonale færøyske kvoten avtala i trepartsforhandlingane mellom EU, Færøyane og Noreg.

I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar mellom anna på nokre av dei artane som er nemnt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland, i Noreg si økonomiske sone. Overføringane frå russisk til norsk sone går inn i balanserekneskapen for kvoteutvekslinga mellom partane. Overføringa av kvotar frå russisk sone til fiske i NØS skjer etter russisk aksept. Kvotane kan ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard.

I kvoteavtala pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 100 tonn kolmule, og 50 tonn reker som prøvefiske utanfor 4 nautiske mil som i 2003. Når det gjeld fi­skevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 1 007 tonn norsk arktisk torsk og inntil 242 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. Færøyane pliktar å avgrense det færøyske rekefisket i fiskevernsona ved Svalbard i samsvar med gjeldande norske forskrifter.

I Færøyane si økonomiske sone er Noreg i 2004 tildelt ein kvote på 2 200 tonn lange/blålange, 1 800 tonn brosme, 400 tonn sei og 1 070 tonn andre artar. Botnfiskkvoten vart splitta opp i 2003 som følgje av at Noreg splitta opp det færøyske industrifisket. Kvoten av andre artar skal berre fiskast som bifangst. Det er ein føresetnad at fisket skal drivast med seigarn eller bankline. Seikvoten kan likevel bli fiska med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner. Dei lisensierte fartøya kan fiske i eit nærmare bestemt område (Færøybanken) i inntil 10 dagar kvar tur, likevel ikkje ut over 30 dagar i løpet av 2004. I Færøyane si økonomiske sone har Noreg i tillegg fått ein kvote på 36 200 tonn kolmule.

Med referanse til møtet 4. november 2003 mellom EU, Færøyene og Noreg om ein trepartsavtale om makrell mellom Noreg, EU og Færøyane, var partane samde om at alt fiske etter nordaust-atlantisk makrell bør vere gjenstand for felles forvaltning og såleis inngå i totalkvoten for partane sine jurisdiksjonsområde (den såkalla "referanse-TAC"). Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane. Referanse-TAC-en som vart vedteke av dei tre kyststatane vart utgangspunkt for drøftingane i NEAFC om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2004. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 52 192 tonn. Av denne kvoten vart det sett av 24 530 tonn til Russland, 24 530 tonn til kyststatane og 3 132 tonn til tredjeland. Kvoten til kyststatane er fordelt med 15 196 tonn til Noreg og EU og 9 334 tonn til Færøyane. Både Russland og Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.

Noreg og Grønland

Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reke, blåkveite, uer og lodde frå EU i grønlandske farvatn.

Grønlandske fiskarar kan i 2004 ta følgjande kvanta i norske jurisdiksjonsområde: I NØS nord om 62oN: 1 900 tonn norsk arktisk torsk, 330 tonn norsk arktisk hyse, 925 tonn norsk arktisk sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan også fiskast i fiskevernsonen ved Svalbard. Nytt i protokollen for 2003 var at dette elementet gjeld så lenge trepartsavtala om lodde står ved lag. Som ein del av avtala kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noreg si økonomiske sone nord om 62oN, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Også her var det nytt i 2003 at dette elementet gjeld så lenge trepartsavtala om lodde står ved lag. I avtala pliktar Grønland seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sine jurisdiksjonsområde.

Noreg har følgjande kvanta i Grønland si sone i 2004: Ved Vest-Grønland: 650 tonn blåkveite. Kvoten har auka med 50 tonn. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland i 2004, kan trålfiske finne stad sør for 64o30"N eller nord om 68oN med inntil 6 trålarar i sona samstundes. Ved Aust-Grønland: 525 tonn blåkveite, 725 tonn uer fiska med pelagisk trål, 100 tonn uer fiska med bunntrål og 350 tonn kveite. Ved Vest- og Aust-Grønland: 600 tonn torsk. Kvoten er den same som i 2003. I tillegg kjem 150 tonn av andre artar som bifangst.

Det var semje om at partane i 2004 skal inngå ein avtale om kontrollsamarbeid.

Noreg og Island

Etter den bilaterale avtala av 15. mai 1999 mellom Noreg og Island, kan Island i sesongen 2004/2005 fiske 4 505 tonn norsk arktisk torsk i NØS nord om 62oN. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torske­fisket på 30 pst. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Island si økonomiske sone (IØS). Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for norsk arktisk torsk. For 2004/2005-sesongen er loddekvoten sett til 17 212 tonn.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtala med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunn vart det opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane leidde fram til ei ny avtale basert på huvedelementa i den tidligare avtala. Hovudendringa i den nye avtala er at den gjeld for eitt år i gongen, framfor tre år i den gamle avtala. Ingen av partane valde å seie opp avtala innan fristen. Avtala vil dermed gjelde også for 2004. Det er for 2004 også utveksla kvotar med Island i tråd med "Smottholavtalen" og den tilhøyrande tosidige avtalen, og Noreg har i 2003 forhandla fram ein ny trepartsavtale med Island og Grønland om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Noreg - EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Noreg har for 2004 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen.

Etter den tosidige fiskeriavtala mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen, også i Skagerrak. Etter same avtala kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1 865 tonn makrell i Skagerrak og i EU-sona av Nordsjøen i 2004.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskap i Skagerrak er dei siste åra vesentleg redusert i forhold til tidlegare. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Frå og med 2004 vil norske fiskarar kunne fiske inntil 50 pst. av den norske Skagerrak-kvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

Noreg og Polen

Som fylgje av det polske EU-medlemskapet frå 1. mai 2004 har Noreg sagt opp den bilaterale rammeavtalen med Polen. Frå norsk side har ein ikkje funne det rett at Polen skulle kunne ta sin konsumfiskkvote i Nordsjøen med seg inn i EU, og Noreg gav difor Polen eit tilbod om å føre vidare i 2004 kvoteavtala frå 2003 mot at rammeavtala vart sagt opp av begge partar innan 30. april 2004. Dette vart ikkje følgt opp av Polen, og rammeavtala vil difor bli ført vidare utan materielt innhald fram til 1. januar 2007, då den kan seiast opp einsidig av Noreg. I tillegg til kvotetildelinga i Nordsjøen har Polen også fram til no hatt ein eigen kvote av norsk arktisk torsk i fiskevernsona ved Svalbard. Ettersom sistnemnde kvote går utanom rammeavtala og blir fastset etter dei same prinsippa som gjeld for utrekning av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona, vil denne kvoten bli overført til EU frå 2005. I 2004 kan Polen fiske eit kvantum norsk arktisk torsk i Svalbardsona på 1 507 tonn basert på ein totalkvote av torsk på 486 000 tonn.

5-parts-avtalar

Det er ikkje inngått ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2004. Noreg har i mangel av ein fempartsavtale underskrive ein førebels bilateral avtale med Russland for 2004. Avtalen med Russland inneber at dei kan fiske 80 000 tonn sild i NØS nord om 62N og i fiskerisona rundt Jan Mayen.

Sidan 1999 har dei landa som er definert som kyststatar til kolmule - Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland - vore einige om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar, eit kyststatsregime og ein separat NEAFC-regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Kyststatane og Russland som spesielt invitert part har sidan februar 2000 hatt tolv drøftingar om kolmuleforvaltninga utan å kome til ei endeleg løysing.

Deltaking i regionale forvaltningsorganisasjonar

Med verknad frå 1996 vedtok NEAFC (Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjon) ei multilateral avtale for fiske av uer i Irmingerhavet. Noreg er etter denne avtala tildelt ein kvote på 4 290 tonn i 2004.

NEAFC har gjort vedtak om å avgrense fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon i 2004, men vedtaket vil først tre i kraft når ei kyststatsavtale for norsk vårgytande sild er på plass. Slik avtale er hittil ikkje komen i stand for 2004.

På NEAFC sitt årsmøte i 2000 vedtok partane for fyrste gong ei regulering av fisket etter makrell i internasjonalt farvatn. Kvoten for dette området vart fastsett til 56 610 tonn makrell i 2003. For 2004 vart makrellkvoten redusert til 52 192 tonn. Island og Russland har reservert seg også mot denne reguleringa.

Det er ikkje vedteke forvaltningstiltak for kolmule i NEAFC-området for 2004. Delar av uerbestanden i Irmingerhavet som vert forvalta av NEAFC har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2004 er, som i åra 2001 til 2003, ein totalkvote for begge områdene. Dette vil seie at kvotar teke i eit område vert rekna mot kvotar teke i det andre området.

Rekefisket ved "Flemish Cap" (NAFO område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for talet på fartøy som kan delta i fisket og grenser for det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. På NAFO-årsmøtet (Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjon) hausten 2003 vedtok partane (Grønland, Canada og USA) same regulering av rekefiske som tidlegare år.

Bestanden av blåkveite er dramatisk endra. NAFOs Vitskapskomité anbefalte eit uttak av blåkveite på 16 000 tonn i 2004, mot ein kvote på 42 000 i 2003. På årsmøtet hausten 2003 blei ein etter til dels lange og vanskelege forhandlingar einige om at ein over ein fireårsperiode skal trappe ned frå 20 000 tonn i 2004 til 16 000 tonn. Ein vart også einige om ein plan for gjenoppbygging av blåkveitebestanden. Det er særleg Canada og EU, og til ein viss grad Russland og Japan, som desse tiltaka får dei sterkaste følgjene for, i og med at det er desse statane som har dei største delane av blåkveitekvoten.

Frå 1. januar 2001 vart det innført 100 pst. satellitt­overvaking og 100 pst. observatørdekning i fisket i NAFOs reguleringsområde. På grunn av dei høge kostnadene blei det sett i gang eit pilotprosjekt som vart vedteke på årsmøtet hausten 2003 med verknad for 2004. Pilotprosjektet omfattar 20 fartøy, 10 med og 10 utan observatør om bord. Den enkelte NAFO-part kan delta i pilotprosjektet med inntil 8 fartøy. Det gjeldande rammeverket for observatørdekning er forlenga til å gjelde ut 2004.

Noreg har også i 2003 vore representert i ulike møte i globale og regionale forvaltnings- og verneorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CITES, CCAMLR og ICCAT. Noreg er også medlem i SEAFO (den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen). Noreg deltok som observatør på ICCATs årsmøte i 2003 og signaliserte då at vi som offisielt medlem frå og med 2004 vil ha krav på å bli tildelt ein kvote på grunnlag av havretten og dei nye kvotetildelingskriteria. Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen 12. februar 2003. I tillegg til Noreg er konvensjonen underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegner av St. Helena) og Sør-Afrika, samt EU, Island, Sør-Korea og USA. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003. Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida.

Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå Det internasjonale havforskingsrådet, ICES ("International Council for the Exploration of the Sea"). Rådgjevinga frå ICES blir utarbeidd av Den rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning, ACFM ("Advisory Committee on Fisheries Management"). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, og norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land. Dei langsiktige forvaltningsplanane er presentert i stortingsmeldinga.

Kontrollordningar

Noreg har no fått på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satelittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa, samt direkte med fleire EU-land. Noreg har kontrollavtalar med Irland, Danmark, Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike og Tyskland. I tillegg har Noreg inngått kontrollavtalar med Russland, Færøyane, Island, Canada og Polen.

Fiskeridepartementet vedtok 1. juni 2000 satellitt­overvaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uavhengig av storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Utanlandske fiskefartøy vert underlagt krav om satellittsporing i Noreg si økonomiske sone i tråd med det tidspunkt som er avtala i dei ulike tosidige avtalane.

Norske myndigheiter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla "svartelistinga" av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan bli nekta lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan vidare nekte fartøyet å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte slike fartøy å lande fangst.

Fisket etter avtalene i 2002-2003

Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62N fullt ut i 2002 og om lag fullt ut i 2003.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane på fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 2002, medan sei ikkje vart nytta fullt ut i 2002. Det stod att ein rest av både makrell-, sild- og seikvoten i 2003.

Til saman vart det i 2002 fiska 225 000 tonn kolmule i internasjonalt område medan det i 2003 vart fiska 465 000 tonn. I 2002 og 2003 vart kolmulekvotane i både Færøy-sona og EU-sona nytta fullt ut.

Norske linefartøy utnytta om lag 56 pst. av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EU sine farvatn i 2002 og om lag 53 pst. i 2003. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska heile botnfiskkvoten i både 2002 og i 2003.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane vert godt utnytta.

I sesongen 2002/2003 og 2003/2004 nytta dei norske fartøya heile den norske loddekvoten i områda ved Jan Mayen, Grønland og Island.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2002 og 2003.

Rekefisket ved Flemish Cap vart innsatsregulert i 1996. Rekefisket ved Flemish Cap er eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfellet for Grønlandsrekeflåten. Det var elleve fartøy som deltok i rekefisket ved Flemish Cap både i 2002 og 2003.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. I 2002 vart det fiska om lag 4 600 tonn, i 2003 om lag 3 200 tonn.

Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området. Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar, sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. Etter offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av kvotane sine av torsk, hyse og sei i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak var også gjennomgåande høg for EU. For makrell var kvoteutnyttinga høvesvis 77 pst. og 70 pst. i 2002 og 2003.

I 2002 fiska Færøyane nesten heile seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, i 2003 vart berre 35 pst. av seikvoten i NØS i Nordsjøen utnytta.

Grønland har sidan kvoteavtala vart inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2002 og 2003 har det vore aktivitet frå eitt grønlandsk fartøy.

I hovudsak utnyttar Sverige godt dei svenske bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen, og Polen har tradisjonelt nytta seikvoten sin godt.

Noreg fører årleg to- og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve- og fiskekvotar, og om einsidig løyve for nokre land sine fiskarar til å fiske i dei norske 200-milssonene. Noreg har inngått ulike typar fiskeriavtaler som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde. Noreg har mellom anna inngått avtaler om forvaltning av felles fiskebestandar og kvotebytte på eksklusive bestandar med Russland og EU, og avtaler om gjensidige fangstrettar med Færøyane, Grønland og Island.

Stortinget gav 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon av FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982. FN-avtala om fiske på det opne hav forpliktar også til samarbeid om forsvarleg forvaltning av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har derfor i aukande grad og på ulik måte tatt del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.